Søke elektronisk

Alle kommunar har fått tilsendt påloggingsinformasjon til Husbankens ekstranett.

Alle kommunar skal ha motteke brukeridentitet og passord for innlogging på Husbankens ekstranett.

Har du gløymt brukeridentitet og/eller passord eller ikkje fått tilgang til tenesten, ta kontakt med Husbankens brukerservice på tlf. 22 96 18 85 eller e-post til brukerservice@husbanken.no.

Saksgang:

  • Kommunen sender inn ein førespurnad elektronisk gjennom Husbankens ekstranett.
  • Husbanken behandlar saka.
  • Kommunen sender inn ein elektronisk søknad ved å hente opp den tidlegare sende førespurnaden, og  gjer eventuelle endringar og tilleggsopplysningar før dei sender den til Husbanken.
  • Når kommunen skal søke om utbetaling, må dei først skrive ut den aktuelle søknaden, og fylle inn tilleggsopplysningar.
  • Når søknaden er ferdig utfylt, sendast den i underteikna stand (underteikna av ordførar eller annan fullmaktshavar) til Husbanken per post.