Kommunar kan no søkje om ytterlegare tilskot til tilpassing av bustad

Har kommunen behov for tilskot til tilpassing? Det er mogeleg å søkje om ytterlegare tilskotsmidlar. Frist for å søkje er 15. september 2013.

Ein føresetnad for å bli vurdert for midlar er at kommunen har brukt opp og rapportert tidlegare tildelte tilskotsmidlar, og har aktuelle (konkrete) saker som ikkje kan løysast utan tilskot.

Vi gjer merksam på at leigetakarar i utleigebustader også kan få tilskot til tilpassing.

Tilskot til tilpassing skal samanhengande enkeltrapporterast gjennom heile året. Dette er mogeleg i rapporteringsmodulen StartRap. Dette gjeld for alle søknader om tilskot til tilpassing som har fått status “Avslag” eller “Utbetalt” frå 1.1.2013.  Enkeltrapporteringar i StartRap skal kun gjerast av kommunar som IKKJE brukar StartSak til saksbehandling!

Søknad HB 7 S 04 med utfyllande kommentarar sendast ditt lokale Regionkontor innan 15.9.2013.