KS -rettleiing for investeringstilskotet for kommunar

KS-Advokatane har utarbeidd eit notat med informasjon om bruk av investeringstilskotet til omsorgsbustadar og sjukeheimssplassar. Notatet beskriv kommunane sine utvida mogelegheitar for å etablere samarbeid med eksterne aktørar om å skaffe fleire omsorgsplassar.

For å hjelpe kommunane i å nytte tilskotet effektivt har KS-Advokatene laga notatet (på bokmål) ‘Informasjon om bruk av investeringstilskuddet til omsorgsboliger og sykehjemsplasser fra Husbanken’. Notatet beskriv kommunane sine mogelegheitar for å etablere samarbeid med eksterne aktørar om å skaffe fleire omsorgsplassar.

Notatet beskriv òg kva slags regelverk som får betyding når kommunen skal velje korleis tilskotet skal nyttast. I tillegg forklarer notatet mogelegheitane kommunane har til å velje forskjellige modellar for å organisere anskaffing og drift av omsorgplassar.

Notatet finn du HER

Investeringstilskotet for bygging av omsorgsbustadar og sjukeheim er betydeleg styrka. Bl.a. har tilskotsatsane auka og retningslinene er endra, så kommunane kan nytte eksterne aktørar til å bygge og drifte omsorgsplassar.

I samanheng med  St Prop 65S (2010-2011), Styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustander og sjukeheimsplassar, blei ordninga med vidaretildeling av tilskotet avvikla. Samtidig er det no mogeleg at kommunane kan nytte andre aktørar når dei skal skaffa omsorgsplassar, ikkje berre ideelle aktørar.