Meir fleksibilitet for kommunane om tilskot til etablering og tilskot til tilpassing

Frå 2016 kan kommunane overføre mellom årets tildelte midlar på tilskot til etablering og tilskot til tilpassing.

Det har vore eit ønske frå kommunane å innføre denne mogelegheita på nytt. Kommunane får meir fleksibilitet i forvaltninga av tilskota. Dei veit kor «skoen trykker» og kor behovet er størst. Dette gjev kommunane anledning til å tilpasse bruken av tilskota til lokale behov.

Vi gjer merksam på at ubrukte tilskotsmidlar, som kommunen eventuelt har ståande att frå tidlegare år,  nyttast til det opphavlege føremålet og kan ikkje bli overførte. Det er veldig viktig at kommunen har oversikt over kva som vart overført frå tidlegare år på dei forskjellige formåla.

Regionkontora vil følgje nøye med i årsrapporteringa, på at kommunane nyttar tilskota rett.

Ta direkte kontakt med ditt næraste Husbankkontor om du har spørsmål om tilskot.