Tilskot til heis

Husbanken kan gje tilskot til heis til eigarar av eksisterande bustadeigedomar med minst tre etasjar. Vi kan gje tilskot til konsulenthjelp til å prosjektere heis og kostnadsoverslag for installering av heis, samt tilskot til installering av heis.

Når Husbanken behandlar søknadar om tilskot til å prosjektere installering av heis, gjeld fylgjande prioriteringar:  

a. 
  Du har eit framtidig heisprosjekt som du skal prosjektere.
b.
  Om prosjektet har fått middel frå NAV Hjelpemiddel sin forsøksordning: «Tilskot til tilrettelegging av bustad i stedet for hjelpemiddel».
c. 
  Tal på leilegheiter som heisen kan betjene.
d. 
  Grad av tilrettelegging av heis og bygning for bruk av rullestol. 
e.     Mogelegheit for å tilpasse leilegheita til menneske med nedsett funksjonsevne.

Husbanken kan gje tilskot til:

  • konsulenthjelp til å prosjektere og kostnadsoverslag til heis (trinn I)
  • installere heis (trinn II) 

Vi kan gje tilskot til inntil 50 prosent av kostnadane til å prosjektere eller installere heis.

Husbanken gjev ikkje tilskot til:

  • å byte ut eksisterande heisar
  • prosjekt som er igangsett før tilsegn er gjeve
  • prosjekt der det ikkje er trinnfri tilkomst til heis og til inngang til leilegheitene
  • løfteinnretningar som vart styrt med påhalden knapp

Kven kan søke?

Eigarar av eksisterande bustadeigedomar med minst tre etasjer kan søke om tilskot til å prosjektere og installere heis.