Bergen: Fagdag om startlån og Startskudd

Start: 15. oktober 2019 10:00
Slutt: 15. oktober 2019 15:30
Sted: Husbanken vest, Kaigaten 9, Bergen (Statens Hus)
Pris: Gratis
Påmeldingsfrist: 30. september 2019 00:00

Husbanken vest inviterer avgjerdstakarar og saksbehandlarar for startlån i kommunane i vårt distrikt (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) til fagdag om startlån/tilskot og saksbehandlarløysinga Startskudd.

Det er ein føresetnad at den som skal delta på fagdagen har gjennomgått elektronisk søknad og Startskudd på førehand.

Du kan prøve ut både e-søknad for startlån og system for saksbehandling på vår nettside:
Opplæring i e-søknad og startskudd

Tema for dagen

  • Startlån og moglegheitane
  • Personretta tilskot som blir overført til kommunane frå januar 2020
  • Informasjon om Startskudd - behandle saker i plenum

Det vil bli sett av tid til spørsmål og drøfting av ulike problemstillingar.

Send oss gjerne spørsmål eller problemstilling på førehand på e-post.

Kontaktperson

Kari.kamberg.rinna@husbanken.no

Anne-gro.rolland@husbanken.no

Det er sett av plass til 40 deltakarar denne dagen.