Nødvendig dokumentasjon

Du må dokumentere alle inntekter og utgifter når du søkjer om startlån

Sørg for å leggje ved dokumentasjon på alle inntekter og utgifter du har. Aktuell dokumentasjon er:

  • Utskrift av siste likning
  • Dersom du har gjeld frå før, bør du leggje fram: 
    førhandsutfylt sjølvmelding eller eit dokument frå likningskontoret som spesifiserer kven du har gjeld til og kor stor denne gjelda er
    dokumentasjon på kor mykje du betaler på det enkelte lånet
  • Kopi av månadlege utbetalingar av alle inntekter inkludert løn, pensjonar, bidrag, stønader o.a. Har du variable lønsinntekter, må du dokumenter kva du har hatt i inntekt i inneverande år.
  • Det kan òg vere aktuelt å be om å få dokumentasjon på til dømes: 
    • lån du får frå privat bank. Dokumentasjonen må vise storleiken på lånet. Dersom du fekk avslag, så bør dette leggast ved søknaden om startlån. 
    • utskrift av likning for 2 år tilbake
    • lønsslipp for fleire månader
    • bidrag du er pliktig til å betale
    • nedbetalingsplan frå kredittinstitusjonr om restgjeld og lånevilkår
    • bidragstrekk eller andre påleggstrekk
    • utgifter til barnepass
    • separasjonspapir, skifteavtale
       

    Er du i tvil om kva dokumentasjon du skal leggje ved? Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.