Føremålet med prosjektet var å få utgreidd om det er grunnlag for eit interkommunalt samarbeid om bruken av startlån, og korleis dette i så fall kan løysast innanfor trygge juridiske rammer. Utgreiinga viste at vertskommunesamarbeid var mest eigna. Kommunane i Nordhordland føretrekte likevel eit meir uformelt samarbeid om startlånet. I staden for eit formalisert interkommunalt samarbeid, ønskte dei minste kommunane ein arena for å utveksla erfaring og kunnskap om ulike sider av saksbehandlinga.
- Oslo
- 2025