Korleis lastar eg opp vedlegg til e-søknaden
Du kan laste opp vedlegg via mobiltelefon, nettbrett eller PC.
Du kan laste opp vedlegg via mobiltelefon, nettbrett eller PC.
![]()
Ta bilde av vedlegget med mobilen eller nettbrettet ditt.
Når du tar bilde av vedlegget:
- legg dokumentet flatt
- sørg for å ha godt lys
- hald kameraet stabilt
- sørg for at bildet blir klart og tydeleg å lese
For å laste opp vedlegg til e-søknaden må du:
- enten logge inn på e-søknaden via mobilen eller nettbrettet og laste opp bildet,
- eller sende bilde til e-posten din, lagre det og deretter laste det opp i e-søknaden
![]()
Bruk ein skannar
Ved bruk av eigen skannar:
- skann og lagre filen, slik at du lett finn dokumentet igjen
Ved bruk av skannar på biblioteket eller anna offentleg kontor:
- send det skanna dokumentet til e-postadressa di
![]()
Om vedlegget ikkje har riktig filtype
Vi godtar følgjande filtypar for vedlegga:
- .JPG
- .JPEG
- .PNG
- .GIF
- .BMP
- .TIF
- .TIFF
Har du vedlegget i ein annan filtype (for eksempel doc eller .docx) gjer du følgjande:
- opne dokumentet
- velje «Lagre som»
- velje filtype: «PDF»
- lagre filen - slik at du lett finn dokumentet igjen når du skal laste det opp i e-søknaden
![]()
Om du har vedlegget på e-post
Du har vedlegget på e-post, men du har ikkje lagra det på PC-en du fyller ut e-søknaden på:
- opne e-posten med vedlegget på
- velje «Last ned»
- lagre filen slik at du finn den igjen når du skal laste den opp i e-søknaden