Visningsleilegheit for omsorgsteknologi ved Høgskulen i Bergen

Høgskulen i Bergen med visningsleilegheit for omsorgsteknologi.

Blant samarbeidspartnarane i prosjektet er Tunstall, som har levert dei teknologiske løysingane, Regionalt forskingsfond og Husbanken. Visningsleilegheita som vart opna i 2011 skal være ein del av undervisninga ved høgskolen, der studentane skal lære korleis ulike teknologiar fungerer.

Samarbeid med Husbanken
Seniorrådgjevar og arkitekt ved Husbanken Region vest, Oddvar Rørtveit har teikna leilegheita som er om lag 50 kvadratmeter stor, og rommar entré, bad, soverom og stove med open kjøkkenløysing. I tillegg til å teikne leilegheita har Husbanken Region vest gjeve råd til prosjektet og støtta det med kompetansetilskotsmidlar. Prosjektleiar Mari Berge ved Høgskulen i Bergen  svært nøgd, og glad for samarbeidet med Husbanken

Mari Berge, HiB
- Utan Husbanken hadde vi ikkje fått dette prosjektet opp å stå så raskt. Husbanken har stilt med praktisk hjelp, mellom anna med å teikna labben og komme med tilbakemeldingar om korleis vi kunne løyse ulike problem har vore utruleg viktig for oss, fortel Berge.

For Husbanken har arbeidet med prosjektet vore svært interessant, og som samarbeidspartnar i prosjektet vil Husbanken kunne invitere med seg kommunar og andre samarbeidspartnarar til synfaring i visningsleilegheita.

Oddvar Rørtveit, Husbanken Region vest

- Vi ser at bruken av velferdsteknologi er eit tema som det er stigande interesse for i kommunane. Håpet er at ein skal kunne yte betre omsorg innanfor trangere økonomiske rammer. Men her er juridiske og menneskelege spørsmål som må løysast, seier seniorrådgjervar i Husbanken Region vest, Oddvar Rørtveit.

Teknologi frå golv til tak
Leilegheita er utforma som ein heilt vanleg leilegheit med halve veggar slik at ein kan sjå inn i alle romma. Sensorar registrerar rørsle i romma, og trykksensorar i møblane registrerer om nokon sitt i sofaen eller ligg i senga. Sensorane «snakkar» med kvarandre slik at alarmen ikkje vert utløyst i utide. Viss du til dømes ikkje får sove på natta og set deg inn stova i sofaen vil trykksensoren i sofaputa kommunisere til trykksensoren i senga at du no er eit anna rom.

  1. Frå soverommet. Bak dei halve veggane kan ein skimte stova.  
  2. Prosjektleiar Mari Berge synar trykksensoren i senga
  3. Leilegheita er utforma som ein vanleg leilegheit, og inneheld entré, bad, soverom og stove med open kjøkkenløysing.
  4. Leilegheita er utstyrt med medisinske måleapparatar. Bilete synar test av blodtrykksmålaren.
  5. Leilegheita er ustyrt med fleire bevegelsessensorar (over døra på bilete) og røykvarslar (lengst til høgre). Dei ulike sensorane og røykvarslaren kommuniserar med kvarandre og er kopla opp mot ein sentral.
  6. Dersom alarmen skulle løyse ut vil meldinga gå via sentraleininga(den grå boksen til venstre i bilete). Sentraleininga er kopla opp mot ein sentral som igjen varslar pårørande eller heimetenesta.

Det er og montert fuktsensor på badegolvet som løyser ut ved store vassmengder på baderomsgolvet, og røykvarslarar kopla til sentraleininga som løyser ut ved røykutvikling. Leilegheita er og ustyrt med sensorar for belysning ettersom det er større sjanse for å falle i mørkret. Når ein står opp av senga skrus lyset på nattbordet på. Det er trykksensoren i madrassen som «fortel» lyset på nattbordet at du står opp av senga, og likeleis fortel sensoren at lampa kan skrus av når trykksensoren i madrassen registrerar trykk.

Leilegheita er og utstyrt med medisinske måleapparat med taleinstruksjon som kan måle mellom anna oksygenmetting i blodet og lungekapasitet. Data frå målingane kan sendas til helsepersonell som kan følgje med på helsetilstanden.

Speler på lag med teknologien
Det var i 2006 at sjukepleiarutdanninga og ingeniørutdanninga begynte å samarbeide om prosjektet som har leda til visningsleilegheita og eit nytt fag til etterutdanning av helsepersonell, kalla Velferdsteknologi tilsvarande 15 ECTS. Målet med samarbeidet mellom dei to fagretningane, etterutdanninga og visningsleilegheita er å kople ingeniøranes kunnskap om teknologi saman med dei praktiske behova helsepersonell har i sit daglege arbeid.

- Vi spelar på lag med teknologien, seier Berge, samstundes som ho strekar under at teknologien i visningsleilegheita ikkje skal erstatte tradisjonelle helsetenester. Utstyret og teknologien som er installert skal fungere som eit supplement for dei som ynskjer det, og det er avgjerande at individuell tilpassing vert lagt til grunn når ein skal installere denne typen teknologi heime hos folk, seier prosjektleiar Berge.

Teknologirådet

Direktør i Teknologirådet, Tore Tennøe.
Direktør for Teknologirådet, Tore Tennøe har vore ein av pådrivarane for å få prosjektet sett ut i live. Han meiner det er viktig å byggje opp kompetanse og erfaringsbasert kunnskap i høve til omsorgsteknologi, og at skillet mellom omsorg, teknologi og innovasjon må brytas ned.

Tennøe trekk fram både Skottland og Danmark som gode døme på innføring av denne typen teknologi i omsorgssektoren. Eksisterande bustadmasse er viktig i høve til den demografiske utviklinga vi står overfor, og teknologien som er demonstrert i visningsleilegheita ved HiB er teknologi som enkelt kan installeras heime hos folk.

- Folk vil bu heime, og kjenna seg trygge, seier Tennøe, som seier at det viktigaste er at teknologien er sikker og enkel å ta i bruk, både for brukarar og kommunar.

Tryggleikspakke
Teknologirådet meiner at kommunane i 2015 bør ha kome eit godt stykke på veg med å implementere ein så kalla «tryggleikspakke» beståande av til dømes fallsensor, medisineringsautomat og sensorar. Pakka skal vere frivillig, og fungere som ein del av kommunanes omsorgstilbod. For å få dette til må det verte utdanna folk med denne kompetansen, og økonomiske insentiv frå staten blir viktig, seier Tennøe, som nemner Husbanken som ein mogleg aktør i arbeidet med å få desse løysingane ut i kommunane.

- Teknologirådet foreslår ei ordning der Husbanken dekker opp mot 30 prosent av investeringane fram mot 2015. Vi treng kommunar som vil ta på seg utviklarrolla – men då må risikoen delast, uttalar Tennøe.