Visningsleiligheit i omsorgslabb synar ny teknologi

Fredag 8. september opnar Høgskulen i Bergen sin nye omsorgslabb. Laboratoriet er ei visningsleilegheit der ein skal prøve ut ulike typar omsorgsteknologi.

Formålet med laboratoriet er å gje helsefagarbeidarar praktisk kunnskap om ny teknologi. Prosjektet er eit samarbeid mellom Avdeling for ingeniørfag og Avdeling for Helse og Sosialfag ved HiB.

Seniorarkitekt ved Husbanken Region vest, Oddvar Rørtveit, har teikna planforslag til leilegheita som er om lag 50 kvadratmeter stor. Her skal mellom anna sensorteknologi og ny kommunikasjonsteknologi prøvast ut. Prosjektet har motteke kompetansetilskot frå Husbanken.