Navarsete testa blodtrykket i Omsorgslabben

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete fekk målt både blodtrykk og oksygenopptak under besøket i Omsorgslabben ved Høgskolen i Bergen. Dette er ei undervisningsleilegheit for etterutdanning av helsepersonell. TV2 dekte besøket.


Fuktsensor i senga var eit av dei nye teknologisk verkemidla kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete fekk demonstrert av høgskolelektor Mari Synnøve Berge til høgre.

Omsorgslabben er ei undervisningsleilegheit for etterutdanning av helsepersonell, der Husbanken Region vest har teikna øvingsbustaden, løyvd 400 000 kroner i kompetansemidlar og gitt gode råd under vegs.

Etterutdanningstilbod
Rektor Ole-Gunnar Søgnen orienterte om korleis høgskolen har bygd opp kompetanse på dette fagfeltet dei siste åra. Med støtte frå Husbanken og Regionalt forskingsfond har høgskolen etablert ei ny vidareutdanning og eit nytt laboratorium. Vidareutdanninga er førebels på 15 studiepoeng og har deltakarar frå heile landet. Høgskolen har gode føresetnader for å arbeide med omsorgsteknologi, sidan dei har eit godt samarbeid mellom helse/sosialfag og ingeniørutdanninga.

- Vi ser på omsorgsteknologi som eit viktig bidrag i realiseringa av samhandlingsreforma, poengterte Søgnen.  Det er også eit mål å etablere eit nasjonalt senter for omsorgsteknologi ved høgskolen.

Trådlaus helseteknologi
- Det ligg store mulegheiter i skjæringspunktet mellom helse og teknologi, framheva Knut Øvsthus, professor ved Institutt for elektrofag. Han snakka varmt om trådlaus teknologi for helsesektoren, der oljesektoren og forsvaret har drege mykje av den teknologiske utviklinga. Omsorgslabben er eit viktig pedagogisk element, der studentane gjennom nærkontakt med teknologien lærer seg å handtere den. Den største utfordringa no er å rekruttere etterutdanningsstudentar frå den kommunale helsetenesta. Han meinte at høgskolen er rett utdanningsstad med høg kompetanse i mange fag og god kontakt med næringslivet.

Måler blodtrykket sjølv

Liv Signe Navarsete fekk test blodtrykk og oksygenopptak av student Toril Lohne Hordvik, medan TV2 filmar.

Omsorgslabben har også medisinsk måleutstyr med taleinstruksjon, slik at bebuarane mellom anna kan måle blodtrykket sjølv, slik Navarsete fekk prøve.

- Eg er imponert. Eg er for at eldre menneskje skal få bu i heimen sin så lenge som mogleg. Då må vi tenkje på nye måtar, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete under besøket. 

Omsorgslabben er realisert gjennom eit samarbeid mellom helse/sosialfag og ingeniør/teknologifag ved høgskolen. Her har sjukepleiarar og ingeniørar samarbeid om å gjere seg nytte av kvarandre sine ressursar i utdanninga av helsepersonell. Ingeniørane seier dei har løysinga, medan sjukepleiarane veit kva løuysingar dei treng.

High tech i omsorgslabben
Omsorgslabben er ein del av Norges første studietilbod med omsorgsteknologi for helsepersonell. Den er bygd som ei heilt vanleg leilegheit, men med halvhøge veggar og utstyrt med såkalla velferdsteknologi. Det vil mellom anna seie lys- og trykksensorar i seng og stolar. Dersom ein bebuar står opp om natta, kan ein trykksensor i senga automatisk tenne lyset. Dersom den ikkje slår seg av etter programmert tid før bebuaren er tilbake i senga, vil helsepersonell eller pårørande kunne varslast. Det er også installert fuktsensor i senga og på badet. Dei tekniske installasjonane er dyre og blir fort forelda. Derfor har høgskolen fått til ei ordning, der ulike tekniske firma gratis stiller nytt utstyr til rådvelde.


Frå venstre rektor Ole-Gunnar Søgnen, kommunalminister Liv Signe Navarsete, høgskoledirektør Audun Rivedal, regiondirektør i Husbanken Mabel Johansen og dekan Halvor Austenå.


Les meir om omsorgslabben