Lys skapar trivsel og tryggleik

Lys er ein viktig del av ein heilskapleg plan for universell utforming av eit område. I Ytre Arna blir det arbeidd på fleire plan med å utvikle tettstaden til eit attraktivt område å bu i. Blant anna ved bruk av lys. 

God lyssetjing av byaksar, landemerker, viktige stadar og signalbygg har direkte påverknad på trivsel og tryggleik.

Prosjektet i Ytre Arna er eit samarbeid mellom blant anna Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Miljøverndepartementet og Husbanken.

Områdesatsinga gjev resultat

Sidan områdesatsinga i Ytre Arna fekk tildelt kompetansetilskot frå Husbanken i 2013 har det skjedd mykje for å betre allmenn tilgjenge. Ny og utbetra skuleveg er ferdigstilt med fortau ned mot sentrum,  og nedre del av vegen har fått  nytt, sikrare gjerde og nytt asfaltdekke. Det er  hogd ned trær for å opna opp landskapet og gangvegar  er gjort meir innbydande og tilgjengelege. Lokale leikeplassar har fått nye leikeapparat og område rundt er rydda for vegetasjon.  

  1. Skuleveg slik den var i juni 2013.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  2. Skuleveg per jan.2014.
    Foto: Sigbjørn Spurkeland, Husbanken. 
  3. Skuleplass per januar 2014.
    Foto: Sigbjørn Spurkeland, Husbanken
  4. Leikeplass per januar 2014.
    Foto: Sigbjørn Spurkeland, Husbanken.

Denne satsinga merkar også dei lokale bedriftene som ser positive ringverknader. Dagleg leiar for Arna Industrihus, Elna-Nini von Erpecom Dahl, ein bedrift som held til i eit av dei gamle fabrikkbygga i Ytre Arna, seier at ho opplever at folk er meir positive og engasjerte i tettstaden sin no etter at områdeløftet har byrja å visa resultat. Dette engasjementet opplever også koordinator for områdesatsinga i Ytre Arna, Erlend Vågane, i sitt samarbeid med lokale bedrifter - Vi ser at det lokale næringslivet medverkar meir aktivt no, og det har neppe vore så mange stillas i Ytre Arna dei siste femti åra som det har vore dette siste året, seier han.

Området rundt Ytre Arna barne- og ungdomsskule er ein aktuelt plass for ny lyssetjing. Dei to hovudinngangane til skulen er dårleg opplyste, noko som kan skapa farlege situasjonar i forbindelse med bilvegen, særleg når ungane kjem til skulen om morgonen. Leiinga ved skulen har eit sterk ønskje om å få lys til den nybygde leikeplassen med fotball- og basketballbana, som vart teke i bruk rett etter nyåret. - Slik det er no, har aktiviteten dødd ut her om kvelden, og flytta ned til sentrum, noko som er mindre ønskeleg, seier lærar Lars Aage Olsen

Med midlar til å utbetre området rundt skulen med betre belysning, håpar rektor ved Ytre Arna barne- og ungdomsskule, Mona Fåberg, på ein sikrar skuleveg for barna, og at den nye leikeplassen vert teke i bruk, også på kveldstid.