Paviljongen i Dikterkvartalet - ein felles samlingsplass

Paviljongen, som er eit fellesbygg i Dikterkvartalet i Årstad bydel i Bergen, kan bli særs viktig i arbeidet med integrering av innvandrarfamiliane som bur i område.

Dikterkvartalet er eit av BBB (Bergen Bolig og Byfornyelse KF) sine kommunale utleigeprosjekt for å utvikle eit trygt og inkluderande oppveksmiljø i Årstad bydel.

Byråd for sosial, bolig og områdesatsing i Bergen, Dag Inge Ulstein og direktør Bjarte Høysæter, BBB, stod for den offisiell opninga av fellesbygget, Paviljongen i Dikterkvartalet i Årstad bydel, i desember 2013.

Husbanken har gitt tilskot til prosjektet.
- Tilskotet har medverka til forbetring av bumiljøet, oppgradering og rehabilitering av bustadane, og til å løyse lokale utfordringar i buområdet, seier regiondirektør Mabel Johansen i Husbanken, under opninga av fellesbygget . - Bustadtilskotet er nytta til ombygging med tanke på barnerike flyktningefamiliar og er verkeleg eit godt stykke integreringsarbeid, sa ho.

Paviljongen - fellesbygget 
10. desember blei  Paviljongen offisielt opna. Dette er eit felles frittsåande bygg midt i kvartalet og er rekna som ein viktig samlingspunkt for å lukkast med integreringsarbeidet i området. 

  1. Paviljongen ved opninga 10. desember 2013.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  2. Dikterkvartalet per 10. 12. 2013. Her er det anlagt ny lekeplass og parsellhage.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  3. Dikterkvartalet desember 2013. Litt av fellesbygget i venstre kant.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  4. Utanfor Paviljongen som er eit sjølvstendig bygg i området.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  5. Paviljongen sett frå inngangsparti.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  6. Fellesrommet under den offisielle opninga.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  7. Innvendig fellesrom-  plass for 30 personar.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  8. Fellesrom frå ein annan vinkel.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  9. Kjøkendel - med utsikt mot leikeplassen.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  10. Leikeplassen - opparbeidd ny leikeplass med leikeapparater og fallunderlag.
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.
  11. Parsellhagen i desember 2013. 
    Foto: Gunn Helen Daatland, Husbanken.

Paviljongen er på 95 m2 og inneheld kjøken, møterom for leksehjelp/-dataopplæring, to toaletter og garderobe. Bygget er universelt utforma og kan ta i mot omtrent 30 besøkjande. Det var ferdigstilt  allereie i juni og blir aktivt brukt, blant anna av dei mange barna som bur her, og her foregår det mange aktivitetar. To unge studentar, som praktiserte der ei stund, fortalte at barna hadde laga ein modell av Paviljongen til pepperkakebyen i Bergen. Studentane, som går på sosiallinja ved Høgskolen i Bergen,  skal skrive om prosjektet i hovudoppgåva si.

Om Dikterkvartalet
Bustadområdet Dikterkvartalet er eit område på omtrent tre mål, som blei etablert i 1922 med 82 leilegheiter (derav 72 to-roms), rundt eit stort atrium (3 mål). Folka som budde her var stort sett eldre og einslege og fleire av dei hadde rusproblemar. Dei hadde lite sosial samkvem og det store gardsrommet låg stort sett ubrukt.


Bustadleiar, Bergen Bolig og Byfornyelse KF, Steinar Hopland (til høgre i bilde), hadde i 2005, tankar og idear om korles dette området kunne nyttast betre, og i samarbeid med Husbanken, bustadetaten i Bergen og arkitekt, blei det lagt nye planar for området, fortalte prosjektleiar Kjell Søderstøm (til venstre) i sitt innlegg under opningsseremonien. - Dette medførte at 24 husstandar måtte flytta ut. - Dei fekk sjølvsagt erstatningsleilegheiter, etter grundig kartlegging av den enkelte person sine behov, og flyttinga blei gjennomført smertefritt gjennom seks månader.

I 2009 blei fleire av leilegheitene ombygd og renovert til 16 større familieleilegheiter. Ved å utvide leiligheitene til loft og kjellar, er det tilført eit bustadareal på 750 m2.  

Utvendig utbedring
Det er gravd opp og skifta 130 meter med avlaupsleidningar til bustadane og det er opparbeidd ny leikeplass med leikeapparater og fallunderlag.

Vidare arbeid og kostnader
Utbetringsarbeidet/renoveringa vi skje for mange fleire leilegheiter resten av året og fortsetjer neste år. Sluttføring er rekna sommaren 2014. Totalkostnad for prosjektet er 60 millionar kroner.

Prosjektutgreiing for Dikterkvartalet.