Groruddal-konseptet til Bergen

– Eg er svært glad for at Bergen kommune og departementet no har inngått partnarskap for å utvikle Årstad bydel på same måte som vi har gjort det i Groruddalen, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på ein pressekonferanse i Bergen nyleg.

Ho hadde med seg Audun Lysbakken, minister for Barne- og likestillingsdepartementet, då ho letta på lokket for statsbudsjettet 2011. Der blinka det i 3 millionar frå KRD og 4,6 millionar frå BLD for neste år. Til saman 7,6 millionar kroner. Pengane skal dels gå til generell opprusting av Årstad bydel og Løvstakksida og dels til gratis kjerrnetid i barnehage på 20 timar per veke for 400 hundre barn i området. I tillegg blir det løyvd 1.6 mill kroner til oppstartingsarbeid alt i år, kunne Lysbakken fortelje.

Fleire byar treng eit områdeløft
Pressekonferansen fann stad i lokala til Solheim borettslag, der de to ministrane kunne formidle dei gode nyheitene.

Stemninga var svært god då Liv Signe Navarsete og Audun Lysbakken frå regjeringa saman med Mabel Johansen frå Husbanken Region vest og Monica Mæland frå Bergen kommune orienterte om pengar til områdeløftet i Årstad bydel.

- Og dette blir ikkje " a one night stand" sa Navarsete. Det vil bli løyvd pengar over fleire år for å få til eit skikkelig områdeløft. Årstad er ein bydel med store sosiale skiljer, og departementa legg opp til ein omfattande dugnad saman med Bergen kommune og friviljuge instansar.

Husbanken er med
- Husbanken har i fleire år arbeidd med eit områdeløft for Årstad og har alt løyvd mange millionar for å skape eit betre bumiljø i bydelen, poengterte Navarsete.

Det var godt oppmøte både fra politikarar, burettslag og presse med Oddny Miljeteig  (SV) i forgrunnen.

Gratis kjernetid i barnehagen
-Eit av dei viktigaste tiltaka for barn i Groruddalen har vore gratis kjernetid i barnehagen, poengterte Lysbakken. Gjennom 20 gratis timar per veke har barn frå ulike sosiale lag fått lære seg norsk på ein solid måte. Skulane i området melder om svært positive røynsler med ordninga, og foreldre som har hatt barn med i ordninga, vil gjerne at andre barn i familien også skal få dette tilbodet. No kjem altså ordninga til Årstad bydel også.

I forkant Monica Mæland frå Bergen kommune var svært glad for regjeringa si satsing i Årstad bydel. Ho understreka at kommunen har arbeidd i fleire år med å betre butilhøva rundt Damsgårdsundet og Løvstakksida: Bybanen, oppussing av NyKrohnborg skole, idrettshall og kultursal var døme på dette.

Tamilske Dipha Thirucheluam innleidde pressekonferansen med å spele på bambusfløyte saman med syster si.

Fleire politikarar var representert på møtet, og alle gledde seg til den felles dungaden som dette ser ut til bli. Kjersti Topp frå SP meinte til dømes at tiltak som betrar helsevilkåra for folk i bydelen var eitt av dei mest effektive tiltaka. Terje Ohnstad frå AP var også glad for satsinga på Løvstakksida, men minte samstundes forsamlinga om at både Sletten og delar av Landås slit med tilsvarande problem.