Kontora sine oppgåver og ansvar

Hovudkontoret

Hovudkontoret fungerer som stab for administrerande direktør, og har oppgåver bl.a. innanfor områda organisasjons- og leiingsutvikling, HR, kommunikasjon og internasjonalt arbeid. Kontaktinformasjon

Strategikontoret

Strategikontoret har oppgåver og spisskompetanse innan strategi-, politikk- og IKT-utvikling, utreining, analyse og rapportering, juridisk rådgjeving, og internkontroll. Kontoret arbeidar tett opp mot øvrige kontor i Husbanken og har i tillegg omfattande kontakt med eksterne samarbeidspartnarar og med Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Kontaktinformasjon

Forvaltningskontoret

Forvaltningskontoret har sine hovudoppgåver innanfor låneforvaltning, drift og utvikling av Husbankens IT-system. Kontaktinformasjon

Regionkontora

Nærleik til og kunnskap om kommunane og dei lokale utfordringane er ein føresetnad for at Husbanken skal kunne bidra til gode resultat. Derfor har regionkontora ei sentral rolle i Husbanken. Alle regionkontora arbeider med alle Husbankens arbeidsområde. Kvart regionkontor blir leia av ein regiondirektør.

Husbanken Hammerfest omfattar Finnmark, Nord-Troms og Tromsø, og er lokalisert i Hammerfest. Kontaktinformasjon

Husbanken Bodø omfattar Nordland, Sør-Troms og Svalbard, og er lokalisert i Bodø. Kontaktinformasjon

Husbanken Midt-Norge omfattar fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre- og Romsdal, og er lokalisert i Trondheim. Kontaktinformasjon

Husbanken vest omfattar fylka Sogn- og Fjordane, Hordaland og Rogaland, og er lokalisert i Bergen. Kontaktinformasjon

Husbanken sør omfattar fylka Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold, og er lokalisert med eit kontor i Arendal med ansvar for Agderfylka og eit kontor i Drammen med ansvar for dei øvrige fylka i regionen. Kontaktinformasjon

Husbanken øst omfattar fylka Østfold, Akershus, Oslo, Oppland og Hedmark, og er lokalisert i Oslo. Kontaktinformasjon