Saksgang for klager

Dersom Husbanken har fatta eit vedtak som du ikkje er nøgd med og som du meiner er galt i forhold til gjeldande regelverk, kan du sende inn skriftlig klage.

Klagefrist

Du må klage innan tre veker etter at du har mottatt vedtaket.

Kva kan du klage på?

Du kan ikkje klage på forskriftene eller innhaldet i regelverket, berre på bruken av dei. Klagenemnda har bare myndighet til å behandle klager som angår enkeltvedtak om lån, tilskot eller bustønad.

Korleis går eg fram?

Dersom Husbanken har fatta eit vedtak som du ikkje er nøgd med og som du meiner er galt i forhold til gjeldande regelverk, kan du sende inn skriftlig klage. Klage på lån og tilskot skal sendast til Husbanken. Klage på bustønad skal sendast til kommunens bustønadskontor. Kommunen vil forberede saka og sende den til Husbanken for behandling.

  • Klagen må vere underskriven av deg eller di verje/fullmektig. Du kan ikkje sende klaga på e-post.
  • Det er ikkje nødvendig at du grunngjev klagen din, men du må vise til kva vedtak du klager over og kva endring du ønsker.

Sjølv om det ikkje er et krav at du grunngjev klaga di, er det ein fordel for deg at Husbanken og eventuelt klagenemnda får synspunkta dine på kvifor du meiner vedtaket er feil. Du bør ta med alle argumenta du meiner er relevante for saka. Alt som du har sendt inn og som har relevans til klagesaka, blir lagt ved saka.

Kva skjer vidare?

Når du har sendt inn ein klage, vil Husbanken sjå på saka din éin gang til. Det er Husbanken som i første omgang behandlar klagen. Etter denne behandlinga kan utfallet bli eitt av to; enten får du medhald eller avslaget vert oppretthaldt.

  • Får du medhald, blir vedtaket omgjort og du får brev frå Husbanken om kvifor vedtaket er gjort om.
  • Dersom vedtaket som er påklaga vert oppretthaldt, vil du få brev frå Husbanken med ei nærare grunngjeving om kvifor Husbanken ikkje vil gjere om vedtaket.

Dersom du etter denne orienteringa likevel vil ha saka lagt fram for klagenemnda, må du ta kontakt med Husbanken og gje beskjed om dette. Husbanken vil då klargjere saka for behandling i klagenemnda.

Før saka blir sendt til nemnda, vil du få Husbankens framstilling av saka. Har du innvendingar til saksframstillinga, kan du sende dei til Husbanken. Saksframstillinga med vedlegg blir så sendt klagenemndssekretariatet, som sender saka vidare til klagenemnda.

Kva skjer i klagenemnda?

Klagenemnda har møte cirka éin gong månaden, der de går gjennom kvar enkelt sak før avgjersle. Nemndas kompetanse er regulert i forskrift om klagenemnd for Husbanken.

Klagenemnda har myndigheit til å undersøke og uttale seg om alle sider av saka. Dette betyr blant anna at dei kan undersøke om Husbanken har lagt riktig fakta til grunn for vedtaket, om forskriftene er riktig tolka og om Husbanken sine skjønnsmessige vurderingar har vore forsvarlege.

Når klagesaka blir vert lagt fram for klagenemnda, undersøker nemnda om vilkåra for å behandle klaga føreligg. Dersom vilkåra ikkje føreligg, skal nemnda avvise saka. Nemnda ikkje stilling til saka sitt innhald.

Klagenemndas avgjersle er endelig og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det heftar feil ved nemndas vedtak, kan du ta kontakt med Sivilombudsmannen.