Kva kan vi tilby?

Husbanken kan tilby konkurransedyktige vilkår, ein fleksibel arbeidsplass og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Ein fleksibel arbeidsplass

I Husbanken ønsker vi at våre tilsette skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og at arbeidsdagen skal tilpassast den enkelte sin livsfase. Vi tilbyr fleksitid, moglegheiter for å avspasere, sommartid og moglegheita for å kunne jobbe heimefrå ved behov. Tilsette som har behov for mobiltelefon i arbeidet får tilgang til dette.

Sentral plassering og hyggelege lokalar

Alle våre kontor har sentral plassering nær offentleg kommunikasjon. Vi har hyggelege lokalar med kantineordningar. 

Godt arbeidsmiljø

Vi har eit sosialt, godt og inkluderande arbeidsmiljø i Husbanken, noko som gjer at mange har lang fartstid hos oss. Det gode miljøet vert skapt mellom anna gjennom faglig samarbeid, inkludering, faste avdelingsmøter for alle avdelingar/kontor og sosiale tiltak.

Vi gjennomfører jamleg arbeidsmiljøundersøkingar. Resultata vert fulgt opp lokalt og med rapportering til toppleiinga, arbeidsmiljøutvalet og møter mellom leiinga og dei tillitsvalde.

Konkurransedyktige vilkår

Husbanken skal i størst mogleg utstrekning ha konkurransedyktig løn. Vi ønsker å ha eit lønsnivå som sikrar at vi rekrutterer og beheld tilsette med kompetanse som er i samsvar med Husbankens oppgåver og ansvar, og som gjer Husbankens drift og utvikling mogleg. Lønsnivået skal reflektere den tilsette sine oppgåver, ansvar og kompetanse.

Gjennom medlemskap i Statens pensjonskasse får våre tilsette tilgang til en av marknaden si beste pensjonsordningar. Her kan ein også få gunstige lånetilbod.

IA-verksemd

Husbanken har inngått IA-avtale og har forplikta seg til å arbeide systematisk for å nå avtalen sitt mål om eit meir inkluderande arbeidsliv. Dette inneber å førebygge sjukefråvær, auke fokuset på jobbnærværet, hindre utstøyting frå arbeidslivet og legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Bedriftshelseteneste

Husbankens kontor står fritt til å velje den type og omfang dei vil ha på si bedriftshelseteneste. Nokon kontor tilbyr massasje hos innleidd massør/fysioterapeut til redusert pris, andre har tilgang til massasjestol. Nokon kontor gjev delvis dekning av månadsavgift på treningsinstitutt og nokon har eige trimrom på arbeidsplassen.