Vårt verdigrunnlag

Basert på verdiane openheit, samspel og mangfald, skal Husbanken legge til rette for bustadpolitisk måloppnåing gjennom kommunar, bransje og andre relevante aktørar.

Alle skal oppleve Husbanken som open og tilgjengeleg. Vi har mange roller og oppgåver og har ein regionalisert organisasjonsstruktur som legg til rette for gode løysningar tilpassa nasjonale og lokale utfordringar for å hjelpe vanskeligstilte på bustadmarknaden.

Vårt verdigrunnlag kjenneteiknar oss også internt i organisasjonen.

Husbanken ønsker at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere tilsette med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn.