Jobb i Husbanken

Husbanken skal setje i verk regjeringa sin bustadsosiale politikk. Gjennom verkemidlar som bustøtte, lån, tilskot, kompetansebygging og kunnskapsutvikling støttar vi kommunane fagleg og økonomisk i arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Andre sentrale samarbeidspartnarar er velferdsaktørar, byggjenæringa og kunnskapsmiljø.

Husbanken har ca. 310 tilsette fordelt på kontor i Drammen (hovudkontor), Oslo, Arendal, Bergen, Trondheim, Bodø og Hammerfest.