Etikk i Husbanken

Etisk kvalitet på tenesteyting og myndighetsutøving er ein føresetnad for at innbyggarane skal ha tillit til statstenesta. Målet med å ha generelle etiske retningslinjer er at alle statstilsette skal vere bevisst på dette.

Retningslinjene har sitt utspring i allmenngyldige etiske verdiar og normer, som for eksempel rettferd, lojalitet, ærlegheit, pålitelegheit, sanning og at ein skal behandle andre slik ein sjølv ønsker å bli behandla. 

Husbanken følgjer staten sine etiske retningslinjer og gjennomgår dei med jamne mellomrom. Du finn retningslinjene på Regjeringa.no:
Etiske retningslinjer for statstjenesten