Intensjonsavtale sikrar miljøbustader med elbil på kjøpet

Husbanken Region vest har underteikna ein nasjonal intensjonsavtale med bustadbyggjaren Green Living. Den går ut på å byggje rimelege, energi- og miljøvenlege bustader for unge. Med på kjøpet får bebuarane ein reklamefinansiert elbil.

Regiondirektør Mabel Johansen, Husbanken Region vest og dagleg leiar Nicolai Rasmussen i Green Living prøvekjører elbilen Buddy som blir ein del av det nye bustadkonseptet til Green Living.

Green Living er et pilotprosjekt, der målsetjinga er å vinne erfaring med fleksible modul/elementbaserte løysingar med vekt på universell utforming og energireduserande tiltak ut over forskriftsnivå. Dette løyser dei unge sine viktigaste utfordringar: Ein rimeleg bustad med miljøvenleg transport.

Utbyggjaren har alt starta bygginga av dei 13 første miljøbustadene i Sveio kommune i Sunnhordland. Neste år vil det bli bygd 13 nye bustader i same kommune.

Rimelege bustader for unge
Regiondirektør Mabel Johansen i Husbanken Region vest understrekar at dette konseptet kan skaffe attraktive bustader til mange unge, og at Green Living har eit godt bustadkonsept, som er eit interessant samarbeidsprosjekt for Husbanken. Premissa for utforming av dei fleste bustadprosjekt blir lagt tidleg i planleggingsfasen. Husbanken ønskjer derfor å sikre gode bustadkvalitetar gjennom tidleg samarbeid. Dette gjeld både produktutvikling, nytenking og bukvalitatar. For Husbanken er det også viktig at det blir utvikla gode referanseprosjekt.

Green Living-konseptet
Green Living har som mål å byggje rimelege, miljøvenlege og energivenlege bustader med miljøvenleg persontransport (elbil). Bustad- og byggjekonseptet baserer seg på modul/elementbasert produksjon og kan karakteriserast med følgjande stikkord:

• miljøvenleg (materialbruk og energi)
• universell utforming (bustad og uteareal)
• fleksibilitet (topografi, lokal byggjeskikk, brukargrupper)
• effektivitet (tørr og rask byggjeprosess)
• miljøvenleg transport


Bustadene på Rophus i Sveio er på 49 og 70 kvadratmeter inklusiv elbilen Buddy.

Grunnlån og startlån
Bustadene blir finansiert gjennom Husbanken sitt grunnlån. Bustadene i pilotprosjektet i Sveio blir finansiert gjennom 90 % grunnlån og 10 % startlån frå kommunen. Det vil seie at unge bebuarar kan få 100 % finansiering av den nye bustaden sin.

God mediedekning

Regiondirektør Mabel Johansen intervjua av NRK Hordland i samband med underteikna av avtalen med Green Living.



Husbanken vart godt profilert på elbilane som vart nytta i samband med underteikninga av intensjonsavtalen med Green Living. Prosjektet har fått god regional mediedekning gjennom heilsiders oppslag i Bergensavisen og NRK Hordaland (både i radio og TV).

Kommentarer

Navn:
E-post:
Kommentar:
Kommentaren din må godkjennes før den blir synlig på websiden.