Ønskjer du å endre lånevilkåra ?

Dei økonomiske føresetnadene dine kan ha endra seg, og lånevilkåra du valde då du tok opp lånet er kanskje ikkje dei som passar best for deg i dag.

Alle våre kundar ;kan no simulera ulike betalingsvilkår på Mitt kundeforhold samt sjølv endre forfallsdato og terminlengde. 

Moglegheitene for å endre på avtala lånevilkår avheng delvis av om du har fast eller flytande rente på lånet ditt.  Å endre frå annuitetslån til serielån eller omvendt, kan gjerast utan omsyn til den rentetypen du har valt.

Lån med flytande rente

Du kan søkje om å endre løpetid og avdragsfri periode innanfor dei maksimale rammene på respektive 30 og 8 år. Husbanken kan ha satt særlege vilkår ved godkjenning av lånet, som gjer at valmoglegheitene dine jamvel er noko avgrensa.

Dessutan kan du kva tid som helst gå frå flytande til fast rente. Du kan óg kva tid som helst løyse inn lån med flytande rente eller betale inn ekstraordinært utan at det kostar deg noko.

Lån med fast rente

Generelt gjeld det at dersom du har valt fast rente, så er du bunden til avtala betalingsplan i bindingstida på 3, 5, 10 eller 20 år. Når bindingstida er over, kan du søkje om å endre lånevilkåra.

Dersom du i bindingstida ønskjer å bryte avtalen om fast rente for å gå over til flytande rente, eller du løyser inn lånet eller betalar inn ekstraordinært, må du rekne med at dette utløyser anten over- eller underkurs. OBS! Ver merksam på at over- og underkurs skattemessig reknast som renteutgift og renteinntekt.
Ved ekstraordinære betalingar på 30 000 kroner eller høgare, kan du søkje om å få behalde terminbeløpet uendra (korte ned løpetida).