Mitt kundeforhold - personkundar

På Mitt kundeforhold kan du halde deg oppdatert på låneforholdet ditt. I tillegg kan du óg gjere enkelte endringar.

Ver særleg merksam på at startlån og andre lån, som kommunane gir med midlar frå Husbanken, ikkje ligg i Husbanken sitt lånesystem. Vi kan difor ikkje vise desse låna i Mitt kundeforhold.

Mitt kundeforhold finn du opplysningar om:

  • saldo på lån og eventuelle tilskot
  • dei siste innbetalingane
  • betalingsplan for attståande løpetid
  • alle vilkår på lånet, slik som renter med eventuell utløpsdato for fastrente,  eventuell avdragsfri periode,  avdragstype,  utbetalings- og nedbetalingsdato
  • årsoppgåve

Du kan óg gjere enkelte endringar og berekningar:

  • endre forfallsdato og terminlengde (nokre avgrensingar gjeld)
  • inngå avtale om fast rente
  • rette opplysningane i eigen postadresse og e-postadresse
  • velje større grad av elektronisk kommunikasjon, - mindre papirbasert post
  • simulere ulike vilkår på lånet
  • berekne innfriing av lånet