eFaktura


Lei av rekningar i postkassa? Då burde du velje eFaktura. . 

Fordelane med eFaktura

Med eFaktura, kjem rekningane ferdig utfylde rett i nettbanken din, og vert lagra der. Dermed kan du til einkvar tid gå inn i nettbanken din og få opp bilete av både betalte og ubetalte rekningar. Du vel sjølv når du vil betale rekninga. Sidan alt er ferdig utfylt (KID, kontonummer, etc.), er det berre å klikke for å betale. Du kan få beskjed på e-post kvar gong det kjem ei ny rekning i nettbanken din dersom du ønskjer det. Vi gjer merksam på at termingebyr vert lagt til uansett betalingsmåte.

Kven kan inngå avtale om eFaktura?

Det er kun personkundane som kan nytte seg av eFaktura. Om du har gjeldsordning eller bustaden som lånet er knytt til er under tvangssal, kan du ikkje nytte eFaktura.

Betaling med eFaktura

Ver merksam på at rekningane vil finnast i alle nettbankane dine om du har fleire. Du vel sjølv kva for ein nettbank du vil betale rekninga i. Når rekninga er betalt vil den forsvinne frå dei andre nettbankane. Data om rekninga vil då berre finnast i den nettbanken du bruka til å betale.

OBS! Om du slettar rekninga i ein nettbank, slettast den automatisk i alle.

Oppretting av eFaktura

Du kan velje mellom to framgongsmåtar:

1. Den enkle måten

Dei fleste nettbankar vil spørje deg om du vil motta eFaktura neste gong du betaler ei rekning frå Husbanken i nettbanken din. Du takkar "ja" om du ønskjer det.

2. Den aktive måten

Logg deg inn i nettbanken din, finn fram til eFaktura og registrer eFakturaavtale. I registreringa får du bruk for eFakturareferansen som er dei 8 første sifra i saksnummeret ditt.

Kombinere eFaktura og AvtaleGiro?

Det er mogleg å kombinere eFaktura med AvtaleGiro. Rutinane for eFaktura er dei same, men du treng ikkje å godkjenne betalinga. Kontakt banken din dersom du ønskjer denne kombinasjonen, eller registrer dette sjølv i nettbanken din.