Framleis mogleg for kommunar å søkje tilskot til etablering og tilpassing av bustad

Har kommunen behov for tilskot til tilpassing og etablering? I år er det mogeleg å søkje om ytterlegare tilskotsmidlar. Frist for å søkje er 15. oktober.

Ein føresetnad for å bli vurdert for midlar er at kommunen har brukt opp og rapportert tidlegare tildelte tilskotsmidlar, og har aktuelle (konkrete) saker som ikkje kan løysast utan tilskot.

Vi gjer merksam på at leigetakarar i utleigebustader også kan få tilskot til tilpassing.

Tilskot til tilpassing skal samanhengande enkeltrapporterast gjennom heile året. Dette er mogeleg i StartSak og i rapporteringsmodulen StartRap. Dette gjeld for alle søknader om tilskot til tilpassing som har fått status “Avslag” eller “Utbetalt” frå 1.1.2012.

Søknad HB 7 S 04 eller HB 7 S 04 (N) med utfyllande kommentarar sendast innan:

15. oktober 2012 til

Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø.

Ved ytterlegare spørsmål ver vennleg å ta kontakt med ditt Regionkontor.