Webinar: Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta

Korleis kan vi utvikle aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta? Dette har Husbanken og Distriktssenteret saman med 12 kommunar søkt svar på gjennom eit treåring prosjekt. I dette webinaret kan du høyre erfaringar og tips frå nettverket.

Start: 09. januar 2024 09.00
Slutt: 09. januar 2024 13.00
Sted: Digitalt
Pris: Gratis
Webinaret passar for tilsette som jobbar med bustadutvikling, bustadplanlegging, tilsette i helse- og omsorgssektoren på både strategisk og operativt nivå.
Påmeldingsfrist: 08. januar 2024 09.00

I nettverket for aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta deltek 12 kommunar frå heile landet, som alle har utfordringar med tynne bustadmarknader. I nettverket deltek òg representantar frå fylkeskommunen og statsforvaltar. Les meir om prosjektet

På webinaret vil du få presentert erfaringar frå mindre kommunar og tips om korleis kommunen din kan:

  • planlegge for å legge til rette for ei berekraftig bustadutvikling for eldre i dei komande åra
  • ta grep for å sikre gjennomføring av utbygging av aldersvennlege bustader i privat regi
  • jobbe med tilpassing av eksisterande bustader

Du får og høyre erfaringar frå konkrete utbyggingsprosjekt, der kommunen har teke ei aktiv rolle i realiseringa av bustadene.

Hvis du har spørsmål ta kontakt på post@husbanken.no