Leige skal være eit trygt alternativ - bustadtilbod for personar med ROP-lidingar

Start: 03. juni 2021 12.00
Slutt: 03. juni 2021 14.00
Sted: Webinar på Teams
Pris: Gratis
Målgruppe: Åpent for kommunar i Møre og Romsdal
Påmeldingsfrist: 02. juni 2021 12.00

Korleis kan kommunen sørge for eit godt bustadtilbod for personar med samansette lidingar innanfor rus og psykiatri (ROP-lidingar)? Saman med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer Husbanken til dette første webinaret om dette temaet.

PROGRAM

12:00 Velkommen

12:10 Husbanken: utfordringar ved etablering av bustader for ROP-gruppa

12:40 Statsforvaltaren Møre og Romsdal: utfordringar i arbeidet med ROP-gruppa, og orientering om relevante tilskot

Erfaringar frå kommunar i fylket:

12:55 Ålesund kommune: erfaringar med planlegging av småhus for ROP-gruppa

13:10 Molde kommune: erfaringar med etablering av bustader for ROP-gruppa

13:45 spørsmål , diskusjon og avslutning

Samlinga er for kommunalt tilsette som arbeider innanfor rusfeltet, bustadfeltet, bustadrådgjevarar, leiarar på helse- og velferdsområdet og teknisk etat.

Gjennom eksempel på god praksis og realiserte bustadprosjekt frå andre kommunar i Møre og Romsdal, får du inspirasjon til korleis din kommune kan arbeide enda betre for at personar med samansette lidingar innan rus og psykiatri skal få et godt bustadtilbod.

Du får òg vite meir om aktuelle tilskot og andre økonomiske verkemiddel som er retta mot denne gruppa.