Rentekompensasjon - kyrkjebygg
Rentekompensasjon skal stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene, kyrkja si utsmykking og inventar.
Rentekompensasjon skal stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene, kyrkja si utsmykking og inventar.
Ordninga med rentekompensasjon gjeld kyrkjelydar i Den norske kirke, slik dei er definerte etter kyrkjelova § 17. Døvekyrkjer i Den norske kyrkje er omfatta av ordninga. Freda eller verneverdige kyrkjer har høg prioritet.
Kommunen eller kyrkjeeigar kan søke om rentekompensasjon. Det er dei kyrkjelege fellesråda, ev. kyrkjelydsrådet i «ett-sognskommuner», som søkjer på vegne av kyrkjeeigar.
Du kan søke rentekompensasjon til prosjekt som er fullført etter 01.01.2019. Investeringane skal ha ei levetid på minst 10 år. I tillegg kan de få rentekompensasjon ved istandsetting og restaurering av kyrkjeinventar og utsmykking med antikvarisk verdi.
Kostnadane må vere på minst 100 000 kroner.
De har ikkje rett på stønad til vanleg vedlikehald
Eksempel på tiltak som er omfatta av ordninga
Andre tiltak av liknande karakter kan òg få rentekompensasjon.
Rentekompensasjon blir berre utbetalt til kommunar ved kommunekasseraren. Dersom andre enn kommunen har dekt utgiftene til prosjektet eller tiltaket, skal kommunen vidareformidle midlane til det organ som har dekt utgiftene.
Du søker om utbetaling på eige skjema. Kommunerevisor skal bekrefte dei oppgitte kostnadane.