Start: 28. november 2023 10.00
Slutt: 28. november 2023 15.00
Sted: Terningen Arena, Elverum
Pris: Konferansen inkludert lunsj er gratis. Reise og eventuelt opphald må dekkast av den enkelte.
Konferansen er for tilsette og beslutningstakarar i kommunar i heile landet, og andre med interesse for feltet.
Påmeldingsfrist: 20. november 2023 12.00
Avgjersla som den enkelte tek, kan ha mykje å seie for både livskvaliteten til den enkelte, for eldreomsorga og økonomien i kommunen.
I samband med den nye reforma inviterer Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral og tilrettelegging til nasjonal konferanse om planlegging for alderdommen og behov for endringar i busituasjonen. Konferansen vil ha eit særskild fokus på tilpassing av bustad, og korleis kommunane arbeider og kan arbeide med dette.
Du vil få vite meir om
- økonomiske verkemidlar frå NAV og Husbanken
- organisering og bustadrådgjeving
- gode eksempel og tips frå andre kommunar
- eldrebustadpolitikk i kommunane – kva seier forskinga?
Programmet kjem.
Har du spørsmål? Kontakt oss på e-post post@husbanken.no