Auka etterspurnad etter lån til kjøp av utleigebustader

Ved utgangen av februar hadde Husbanken motteke søknader om grunnlån til kjøp av utleigebustader for til saman 140 millionar kroner. Det er fem gonger så mange som same periode i 2014. Utleigebustader, særleg til busetjing av flyktningar, er høgt prioritert i Husbanken.

Grunnlån til kjøp av utleigebustader blir gitt til oppkjøp av eksisterande bustader som skal brukast som utleigebustader. Husbanken er opptekne av å nytte grunnlånet til å skaffe fleire utleigebustader ut over oppkjøp av eksisterande bustader. Eit tettare samarbeid mellom kommunale og private aktørar kan bidra til å møte det stadig veksande behovet for utleigebustader. Talet på prosjekt der kommunar og utbyggjarar inngår avtale om at kommunen bestemmer kven som skal bu i en del av dei nybygde bustadene, er aukande. Eit ferskt eksempel på dette er 96 utleigebustader på Bjørnåsen sør i Oslo.

Per Erik Torp, avdelingsdirektør i Husbanken.

– Vi ser eit potensiale i grunnlånet som vi ønskjer å nytte fullt ut for å bidra til framskaffing av fleire utleigebustader, seier Per Erik Torp, avdelingsdirektør i Husbanken.

– Vi er opptekne av å bruke Husbankens ulike virkemiddel best mogeleg og vi har ein bevisst strategi for korleis vi skal gjere det. Det går fram av statistikken at vi byrjar å sjå resultat av dette arbeidet, seier Torp.

Grunnlån til kjøp av utleiebustader utgjer trass aukinga ein liten del av den totale låneramma til Husbanken.

Lågare etterspurnad etter grunnlån i 2015

Talet på mottekne søknader om grunnlån var ved utgangen av februar i år halvert, samanlikna med same periode året før. Dette kan til dels forklarast med at den svært store etterspurnaden etter grunnlån i 2013 førte til eit stort etterslep av søknader i starten av 2014. Mange av dei som ikkje fekk innvilga søknaden i 2013 søkte på nytt ved inngangen til 2014, og difor var talet på søknader dei to første månadene i 2014 høgt samanlikna med same periode i 2015.

Minka etterspurnad etter Husbankens grunnlån i 2015 er også eit teikn på at målrettinga av Husbankens verkemiddel fungerer etter hensikta. Bustadsosiale formål, varig vanskelegstilte og bustader med ekstra god kvalitet er høgast prioritert.