Framtidas omsorgsplassar - erfaringar frå ulike omsorgstilbod

Å lage eit verktøy for erfaringsdeling av løysingar, det var målet då SINTEF Byggforsk byrja å følgje prosessen med utarbeiding av nye omsorgstilbod i Porsgrunn kommune. Rapporten viser erfaringar henta frå forskingsprosjektet “Framtidas omsorgsplassar”, eit husbankfinansiert prosjekt med Porsgrunn kommune som eigar og SINTEF Byggforsk som kunnskapsaktør.

Gjennom å delta i ein konkret prosess der nye omsorgsplassar har vorte planlagt, har SINTEF Byggforsk organisert aktivitetar og innspel i form av tverrfaglege arbeidsverkstadar. På arbeidsverkstadane var det valt ut fire tema for djupare diskusjon, alle med målsetting om å bidra til innovasjon og nytenking. Dette var:

  • Områdeutvikling; overordna, heilskapleg og langsiktig
  • Korleis kan eit velferdssenter fungere som sjukeheimsutsetjande tiltak?
  • Butilbod for dei mest skrøpelege. Kva er viktig?
  • Ny teknologi. På kva område er det innovasjon og ny teknologi i vid forstand kan bidra til å gi betre kvalitet?

Formålet med prosjektet “Framtidas omsorgsplassar” var å hente inn, systematisere og gjere tilgjengeleg informasjon om erfaringar med ulike typar omsorgsplassar i Porsgrunn kommune. Dette for å gi planleggarar i ein tidleg fase enklare tilgang til andres erfaringar. På sikt er målet å lage eit verktøy for kontinuerleg systematisering og erfaringsdeling av løysingar. Dette med tanke på både utbetring og nybygg. SINTEF Byggforsk evaluerte til saman fire omsorgstilbod i Porsgrunn kommune og tre omsorgstilbod utanfor kommunen.

I rapporten er erfaringar og funn frå dei ulike omsorgstilboda formidla. Fordi butilbod og tenestetilbod heng tett saman, er både fysiske løysingar, tenesteorganisering og omsorgsfilosofi formidla. Gjennom bilete, kart, planar og skildringar vert viktig innsikt kommunisert og vi får ei heilskapleg og detaljert forståing av dei ulike tilboda.

Rapporten finst i både fullstendig og komprimert versjon og inneheld til dømes resultat frå evalueringane og intervjua som er gjort. Du kan lese meir om bakgrunnen for utveljing, gjennomføring og metode i sjølve forskingsrapporten. Rapporten er utarbeidd med kompetansetilskot frå Husbanken.

 

  Fremtidens omsorgsplasser
Erfaringer fra ulike omsorgstilbud
Karin Høyland, Silje Strøm Solberg
SINTEF Byggforsk 2014