Gjennom­strømming eller bostabilitet? Barnefamilier i kommunale boliger

I prosjektet «Gjennomstrømming vs bostabilitet? Kommunal praksis og virkninger for barnefamilier i kommunale boliger» har ein undersøkt kommunanes praksis knytt til barnefamiliar busette i kommunale bustader, og korleis kommunens praksis verker inn på familiane.

Oversikt over hovudfunn

I rapporten ser ein på korleis kommunar vurderer ønsket om ein stabil bustad opp mot ønsket om gjennomstrøyming i dei kommunale leigebustadene, med fokus på barnefamiliar. Gruppa er sett saman av familiar med svært ulike behov og føresetnader, og det er vanskeleg å beskrive ei løysing som kan fungere for alle. Innsatsen må være individuelt tilpassa. For nokre vil det være ei fattigdomsfelle å fortsette å bu i kommunal bustad over tid, men for andre vil forventningane om å kome seg ut av det kommunale bustaden skape ytterligare usikkerhet og belastning i ein allereie vanskeleg livssituasjon.

Rapporten kjem med ei rekke konkrete anbefalingar:

  • Det bør satsast systematisk på bu-oppfølging av vanskelestilte familiar, knytt til noko så grunnleggande som det å kunne bo. Dette ser ut til å være eit gjennomgåande problem i kommunar over hele landet, og gjeld kanskje spesielt flyktningfamiliar. Ei oppfølgingsteneste vil betre bustadførehalda og bu-evna hos familiane, og bidra til å halde kommunens vedlikehaldskostnadar.
  • Det bør innførast rutinar for HMS-sjekk og bustadoppgradering. Nokre kommunar har hatt HMS-prosjekt saman med t.d. brannetaten, der ein samstundes med å sjekke brannsikring, kan oppdage behov for vedlikehald. Ein fast syklus for oppgradering av bustadene anbefalast og.
  • Fortsett med og auk bemanninga til arbeid med bustadmiljø og drift. Rapporten viser til kommunar som har hatt vellukka prosjekt der ekstra ressursar knytt til bustadmiljø og drift har endra bustadområde frå å vere belasta og utrivelege til å bli trygge og familievenlege.
  • Lengda på leigekontraktar bør differensierast. Kommunale leigekontraktar ligg vanlegvis på 3-5 år. For nokre familiar er dette nok tid til at dei klarer å kome inn på den private marknaden. For andre familiar (t.d. med låg inntekt, mange barn, barn med spesielle behov) er det lite sannsynleg at dette er ein realistisk tidshorisont. Kontraktar med lengre varighet kan gje dei mest sårbare familiane ein meir forutsigbar kvardag.
  • Hardbruks-løysingar for barnefamiliar bør undersøkast. Ut frå tilstanden på nokre av bustadene i prosjektet meiner prosjektgruppa at det bør undersøkast om utforming, materialbruk og liknande, er robust nok for alle som skal bu der.
  • Dei mest belaste bebuarane bør få tilbod om alternative bustader. Sjølv om dette prosjektet i hovudsak handlar om barnefamiliar, har ein sett at bebuarar med svært tung problematikk knytt til rus og psykiatri kan føre til ei auka belastning på barn og unge som bur i same område. Rapporten legg vekt på at dette berre gjeld dei aller tyngste bebuarane, og at dei fleste kan bu i vanlege bustadområde, dersom dei får tilbod om – og imot – god oppfølging frå kommunen.
  • Undersøk og vurder responstid på utbetringar. Mange av informantane i prosjektet opplever at kommunen er sein med utbering av sjølv enkle ting. Ofte sprikar oppfatninga av situasjonen etter om ein snakkar med bebuarane eller dei kommunalt tilsette, men prosjektet tilråder at kommunane tar familianes oppleving på alvor og vurderer responstida.

 Forside rapporten: Gjennomstromming eller bostabilitet. illustrasjon: barnetegning av 3 leilighetsbygg i rekke.

Gjennomstrømming eller bostabilitet? 

Barnefamilier i kommunale boliger

Forfattere: Kurt Elvegård og Stina Svendsen
NTNU Samfunnsforskning, desember  2017