Flere flyktninger bosatt raskere - Hvordan fikk kommunene det til?

I 2016 ble 15 000 flyktningar busette i norske kommunar, dobbelt så mange som i 2014. Prosjektet har sett på korleis kommunane fikk til dette, og om den økte busettinga gjekk på bekostning av bukvalitet og andre med vansker på bustadmarknaden.

Hovudfunn

Den private leigemarknaden var det viktigaste verkemiddelet for auka busetting. Leigeavtalane kom i hovudsak i stand på tre ulike måtar:

  • Kommunen leigde private bustader som vart framleigde til flyktningar
  • Kommunen hjelpte flyktningar til å få direkte kontakt med utleigarar
  • Flyktningar fant sjølv bustader på den private marknaden.

Norske kommunar er positive til å ta imot og busette flyktningar. Mange ønskjer at tala held seg på same høge nivå som i 2016, mellom anna for å få ein kontinuitet arbeidet, og for å ta vare på fagmiljøa som er bygd opp i kommunane.

Busetting av flyktningar har i hovudsak ikkje gått ut over kvaliteten på bustadene og nabolaga der flyktningar og andre vanskeligstilte bur. Utstrekt bruk av privat leige i vanlege bustadområde gjer det enklare å integrere flyktningane, og mange meiner dette bidrog til at aukinga i busetting ikkje gjekk ut over tilbodet til andre vanskeligstilte.

For å lukkast har kommunane sett i verk tiltak både for å gje flyktningane betre bukompetanse, og for å redusere utleigars risiko ved å leige ut til denne gruppa.

Kommunane har klart oppgåva med å busette fleir flyktningar utan at det har kome nye nasjonale bustadpolitiske verkemiddel, men kommunane har tatt i bruk fleire eksisterande verkemiddel, og fleir kommunar har tatt i bruk praksisar og verkemiddel som er nye i for den enkelte kommune.

I tillegg til utstrekt bruk av den private leigemarknaden har kommunane kjøpt bustader, bygd nye bustader med lån/tilskot frå Husbanken, inngått avtale om tilvising med private aktørar, auka gjennomstrømminga i kommunale bustader og busett enkelte grupper i bufellesskap.

 Forside rapporten: Flere flykninger bosatt raskere. Fire bilder av ulike typer hus. Enebolig, rekkehus og blokkbebyggelse.

Flere flyktninger bosatt raskere 

Hvordan fikk kommunene det til?

Forfattere: Susanne Søholt, Marit Nygaard, Eli Støa og Åshild Lappegard Hauge
Oppdragsgivar: Husbanken og IMDi
Oppdragsutførar: Norsk institutt for by- og regionsforskning NIBR ved OsloMet, i samarbeide med NTNU og SINTEF.
NIBR-rapport 2018:3