Lom kommunes fargestrategi

Lom kommune har ikkje laga nokon detaljert fargeplan, men har ei formulering i arealplanar og ei standard tekst ved dispensasjonsar for bygg.

 

 

 

 

Eksempel på overordnede planar:

Kommunedelplan Fossbergom
Estetiske omsyn § 20-4 2. ledd bokstav b: Nybygg og tilbygg/påbygg skal tilpasse seg landskap og eksisterande bygg på god måte. Dvs. innordne seg terreng, vegetasjon og tomtestruktur, og til eksisterande bygg rundt når det gjeld volum, form, materialar og farge. Bygningar skal som hovedregel ha saltak med takvinkel 22-34 . Fargar skal liggje i den mørke og varme del av fargeskalaen. Ved utbygging skal det leggjast vekt på å ta vare påoverordna grøntdrag og kulturlandskapselement, verneverdige bygningar og kulturminne.

Eksempel på reguleringsplanar:

Kroken – Egkalia - Kulihaugen bustadfelt
2.4 Farge og materialbruk :
Bygningar innan reguleringsområdet skal påførast farge frå den varme og mørkaste del av fargeskalaen. Sterke og uvanlege farger skal ikkje nyttast. Materialbruk og fargeval skal harmonere med eksisterande bygningar. Gjerder bør utformast i tre.
Blåfuruhaugen hyttefelt:  
3.5. Bygningane skal ha saltak med takvinkel mellom 22° og 34°. Taktekking skal vera torv, impregnert tre eller andre materialar med mørk, ikkje lysreflekterande overflate.
3.6. Maksimal gesimshøgd er 3,0 meter og maksimal mønehøgd er 4,5 meter over gjennomsnittleg terrengnivå. Høgde på grunnmur må ikkje overstige 0,5 meter. Alle høgder skal målast frå ferdig planert terreng.
3.7. Bygga skal i størst mogleg grad underordne seg terrenget og naturpreget i området og skal ha ei enkel, heilskaplig og god utforming med utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk. Fasadar skal være utført i trepanel eller tømmer, eventuelt i kombinasjon med naturstein. Fargar skal liggje i den mørke og varme del av fargeskalaen. Fasadane skal ha oppdelte vindauge. Store flater med vindauge skal unngåast.

Dei som byggjer utanom regulerte område rettar seg også i svært stor grad etter denne formuleringa: "Fargar skal liggje i den mørke og varme del av fargeskalaen", og i dispensasjonar ligg det som eit vilkår knytt til byggjeløyvet.

 


Kommunesenteret Fossbergom framstår med eit einheitleg preg pga fargebruken, men form på bygningane kan variere.