Bygg som innbyr til trening

Det militære treningsanlegget (MTA) på Haakonsvern er eitt av åtte bygg som er nominert Statens Byggeskikkspris. Onsdag 18.04 hadde juryen synfaring på anlegget og vart mektig imponert over det dei fekk sjå.- Enda flottare enn på bilete, uttrykte ei av jurymedlemmane.

Eit intelligent bygg

- Bygget er nominert fordi det har sterke kvalitetar med omsyn til form, seier juryleiar Erling Dokk Holm. - Det er eit vakkert bygg som gjer noko med staden. Haakonsvern framstår som litt rotete og dårleg planlagt som har blitt til gjennom historia, og treningsanlegget ryddar opp i det eksisterande. Utfordringane knytt til fysisk aktivitet er teken på alvor, og bygningen ber preg av at alle funksjoner er veldig godt gjennomtenkt.

  1. militært treningsanlegg Haakonsvern
  2. Haakonsvern idrettsanlegg
  3. Militært idrettsanlegg ute -kveld

Bilete er utlånt frå Forsvarsbygg.

Bygget er langt og stort, på 9000 m2, og har eit uteareal på 25 000 m2. Bygget er utforma slik at det skal gi best mogeleg fleksibilitet og inspirere til treningsaktivitet. Bygget skal tåle røff bruk, og det er difor lagt vekt på materiale som tåler mekanisk påkjenning. - Arkitekturen har klare referansar til klassisk funksjonalisme, som det er mykje av i Hordaland og Bergen, seier juryleiaren. Han rosar Longva Arkitekter for at dei har klart å trekkje både på gamle lokale og internasjonale tradisjonar - og fornya dei. – Dette er heilt klart ein prestasjon, seier han.

Eit miljø- og energivennleg bygg

Forsvarsbygg har gjennomført heile prosjektet med sterkt blikk på miljø. Oppvarming av bygget skjer ved sjøvarme frå ein sjøvarmesentral som ligg rett bak bygget. To sjøvarmepumper utvinn både varme og kulde frå sjøen. Varmepumpene gir eit energiutbytte på mellom 3 og 4, dvs. opptil 4 kWh per kilowatt som blir putta inn.

Omkring 50 prosent av bygningsmassen ved heile basen blir varma opp med sjøvarme. Dette gir både økonomisk og miljømessige innsparing. 

Treningsanlegg som innbyr til fysisk aktivitet

Treningsanlegget blei opna i september 2011 og erstattar det gamle anlegget frå 1963 som var modent for utskifting. MTA er ikkje eit tradisjonelt treningsanlegg, men eit militært treningsanlegg basert på prinsippet “Train as you fight”. Her skal Sjøforsvaret sitt personell kunne trene og øve realistisk og sikkert på ferdigheter i militære situasjonar. Sidan det nye anlegget blei opna har treningsiveren auka og mange fleire enn før på basen trenar no. Ved juryen si synfaringa, kl. 08:00 om morgonen, var det allereie stor aktivitet ved treningsanlegget både utanfor på bana og innanfor i symjehallen og på spinningssenteret.

Hovudbygning inneheld symje- og livredningshall med to symjebasseng, idrettshall, rom for nærkamp, restitusjon, rehabilitering og styrketrening med meir.

Byggherre: Forsvarsbygg
Arkitekt: Longva arkitekter AS
Landskapsarkitekt: Grindaker AS
Prosjekteringsgruppe: SWECO
Byggjeleiing: Norconsult, Cowi AS, erstad €Lekven AS, Andersen Askjem AS.
Grunnarbeider: Sartor Maskin AS
Elektroarbeider: YIT Building Systems AS
Generalentreprise: Skanska Norge AS

Andre relevante artiklar: Historisk dag på Haakonsvern, Sjøen varmer Haakonsvern.