Bremanger kommunes byggeskikkpris

 

Bakarhuset i Svelgen- Fra kommunes hjemmeside

Bremanger kommunes byggeskikkpris

Statutter for Bremanger kommunes byggeskikkpris

Bremanger kommunes byggeskikkpris 2011, Juryens begrunnelse:

Jostein Eimhjellen fekk byggeskikkprisen for rehabiliteringa av Bakarhuset i Svelgen.
Byggeskikkprisen for 2011 blei delt ut på folkefesten i Samfunnshuset i Svelgen den 17. mai av kultursjefen. Prisen består av eit spesiallaga diplom med akvarell av Odvinn Vårdal, samt ein messingplakett til å henge på vinnarbygget. Vinnaren vart Bakarhuset i Svelgen og eigaren Jostein Eimhjellen. Prisen blei gitt for god renovering av eit viktig signalbygg i kommunesenteret. Bygget er viktig både på grunn av alder, tidlegare og noverande funksjon, og sist men ikkje minst på grunn av den sentrale plasseringa. Bygget er i dag prega av liv, med Aktiv jobb i fyrste etasje, og husvære i andre og tredje. Arbeidet med Bakarhuset har vore med å løfte Svelgen sentrum.

Byggeskikkprisen for Bremanger kommune er oppretta og blir delt ut av Bremanger
kommune. Formålet med prisen er å utvikle god byggeskikk i kommunen.
Prisen er ein heiderspris og gjeld nybygg og eldre bygningar med tilhøyrande anlegg som
gjennom utføring, materialbruk og samspel med stad og kulturlandskap bidreg til å heve,
fornye og utvikle den lokale og allmenne byggeskikken.
Framlegg til kandidatar skal vere skriftleg med grunngjeving. Ein kan ikkje søkje om
byggeskikkprisen.
Driftseining for kultur har det administrative ansvar for utlysing med frist for innsending av
kandidatar. Kultursjefen førebur saka for formannskapet. Tidlegare innsendte forslag kan
takast med i vurderinga. Etter utløp av fristen vert dei innkomne forslaga omtalt i lokalpressa.
Prisen kan normalt delast ut årleg, og består av ein plakett med innskrift og diplom.
Byggeskikkprisen kan delast ut i samband med ei større tilstelling som t.d.17. mai.