Korleis lastar eg opp vedlegg til e-søknaden
Du kan laste opp vedlegg via mobiltelefon, nettbrett eller PC.
Om du har vedlegg på papir
Ta bilde av vedlegget med mobilen eller nettbrettet ditt.
Når du tar bilde av vedlegget:
- legg dokumentet flatt
- sørg for å ha godt lys
- hald kameraet stabilt
- sørg for at bildet blir klart og tydeleg å lese
For å laste opp vedlegg til e-søknaden må du:
- enten logge inn på eSøknaden via mobilen eller nettbrettet og laste opp bildet,
- eller sende bilde til e-posten din, lagre det og deretter laste det opp i e-søknaden
Bruk ein skannar
Ved bruk av eigen skannar:
- skann og lagre filen, slik at du lett finn dokumentet igjen
Ved bruk av skannar på biblioteket eller anna offentleg kontor:
- send det skanna dokumentet til e-postadressa di
Om du har vedlegget digitalt
Om vedlegget ikkje har riktig filtype
Vi godtar følgjande filtypar for vedlegga:
Har du vedlegget i ein annan filtype (for eksempel doc eller .docx) gjer du følgjande:
- opne dokumentet
- velje «Lagre som»
- velje filtype: «PDF»
- lagre filen - slik at du lett finn dokumentet igjen når du skal laste det opp i e-søknaden
Om du har vedlegget på e-post
Du har vedlegget på e-post, men du har ikkje lagra det på PCen du fyller ut e-søknaden på:
- opne e-posten med vedlegget på
- velje «Last ned»
- lagre filen slik at du finn den igjen når du skal laste den opp i e-søknaden
Sist oppdatert:
21.01.2016