SOS-barnebyen - eit unikt barnevernstiltak i Noreg

Søsken blir ofte splitta når dei treng ein ny familie. SOS-barnebyen sin styrke er at den er spesielt retta mot og planlagt for at søsken skal kunne få bu saman.

I SOS-barnebyen i Olsvik, Bergen vil barna kunne bu saman med sine søsken i stabile omgivnader, til dei er vaksne og klarer seg sjølv. Faste familieassistentar, eit rådgivarteam og SOS-foreldre skaper eit styrka fellesskap som gir ein trygg og stabil oppvekst for barna. Husbanken har gitt 11 millionar i bustadtilskot til prosjektet som hadde ein totalkostnad rundt 70 millionar kroner.

Gode, felles standarder

Dette er eit prosjekt kor ein har lukkast med å kombinere bustadsosiale og bustadtekniske kvalitetar.

SOS-barnebyen har gode kvalitetar innanfor Husbankens satsingsområde. Det gjeld utforming av både hus, fellesrom og uteareal. Dessutan har det ei framtidsretta miljøløysing med grunnvarme som oppvarmingskjelde i tillegg til livsløpstandard på inngangsplan og universelt utforma uteareal.

Barn som knyter sko
Foto: colourbox

Alle bygningane er bygd i tråd med SOS-barnebyer sin internasjonale standard som legg vekt på at husa skal byggjast så solid at det ikkje blir behov for anna enn normalt vedlikehald dei næraste 30 åra. Bygningane og uteområdet er lagt til rette for rørslehemma og har gode kvalitetar innan universell utforming, miljø og byggeskikk.

Barnebyen i Bergen og internasjonalt

Barnebyen i Olsvik består av åtte familiehus, gjestehus med hybelleilegheiter og felleshus med aktivitetsrom og kontor. Det første barnet kom i hus sommaren 2008. Barnevernet betalar for plassering av barna. Det er mogleg å melde seg som fadder i prosjektet, men ikkje for eitt særskilt barn.

SOS-barnebyer har meir enn 2000 prosjekt, og nær 60 000 barn har i dag sin heim i 500 SOS-barnebyer over heile verden. I Europa er det over 100 SOS-barnebyer.