Trygg bustad = god helse

– Frå eit folkehelseperspektiv er heilskapleg planlegging avgjerande for å motverke sosial ulikskap i helse, seier jurymedlem Janne Strandrud frå Helsedirektoratet.

Janne Strandrud er seniorrådgivar i Helsedirektoratet. Ho har representert Helsedirektoratet i juryen for Statens pris for bustadsosialt arbeid sidan prisen blei etablert i 2013.

 

Du blei medlem i juryen då den blei oppnemnt for første gong i 2013 og har sagt ja til å vere med i ein ny periode, kvifor har du teke på deg denne oppgåva?

 

Strandrud er opptatt av folkehelsa og oppfattar at bustad og miljøet rundt bustaden er viktig for god oppvekst og for at folk skal trivast. Ho understrekar at strategien «Bolig for velferd» har medverka til å styrke omsynet til heilskapleg planlegging på det bustadsosiale feltet. Dette er også relevant for folkehelsearbeidet - som Helsedirektoratet er oppteken av.
 

 Janne Strandrud
Bustad og bumiljø har stor innverknad på folkehelsa, seier Janne Strandrud i Helsedirektoratet. Foto: Husbanken.

– Vinnaren av statens pris for bustadsosialt arbeid i 2016, Sandnes kommune, er eit godt eksempel på solid heilskapleg planlegging. Sandnes har jobba lenge med å finne gode løysingar på bustadutfordringar med integrerte tenester, seier ho.

 

I 2012 kom folkehelselova, som har tydeleggjort og plassert eit tydeleg ansvar om å planlegge for god helse og livskvalitet i kommunane.

 

– Ein god bustad i eit godt bumiljø, tilgang til gode tenester for dei som treng oppfølging og mogelegheit til heimebehandling påverkar livskvaliteten og helseutviklinga til menneskje. – Folk som trivst der dei bur, har betre helse og livskvalitet, seier Strandrud.

 

Strategien «Bolig for velferd» kom i 2014. Korleis ser du på utviklinga av det bustadsosiale området, kva tykkjer du er det viktigaste som har skjedd på det bustadsosiale feltet etter at «Bolig for velferd» blei vedteken?

 

– Det bustadsosiale feltet har tidligare vore fragmentert i kommunane. Det var mange ulike faggrupper og instansar som ikkje var heilt samstemte i løysing av utfordringane. Bolig for velferd har samla innsatsen, og medverka til at dei ulike sektorane skal ta omsyn til korleis avgjerslene påverkar kvarandre sine område. Hensikta er å sjå problem i samanheng og finne gode løysningar som også kan bidra til utjamning av levekår.

 

– Bolig for velferd synliggjer og skaper forståing for å jobbe på tvers og for å betre bruken av verkemidla. Den har òg påverka direktoratnivåa. Direktorata har lært av kvarandre og om å jobbe tversektorielt, legg ho til.

 

Er det nokre område innan det bustadsosiale arbeidet som du brenn spesielt for?

 

­– Personar med rus- og psykiatriproblem er ei veldig utsatt gruppe på bustadmarknaden. Det er ofte utfordringar med å finne eigna bu- og tenestemodellar for å hjelpe brukarar med rus- og psykiatriproblem og med dobbel diagnose. Det fins gode erfaringar med ACT- og FACT-team. ACT er ein tverrfagleg modell som skal gi oppsøkjande, samtidige og samla tenester til menneskjer med alvorlege psykiske lidingar. Helsedirektoratet deler ut tilskot til etablering av slike kunnskapsbaserte tenestemodellar, som både brukarar og fagfolk etterspør. Kapasiteten for å hjelpe denne gruppa skal bli betre. Dette er eit innsatsområde for Helsedirektoratet.

 

– Eg er veldig opptatt av folkehelse i det førebyggjande perspektivet. Igjen er god planlegging, der bustadsosiale omsyn blir integrert i planane, ein føresetnad for god helse. Kommunane sin bruk av planverket er et vesentlig element i førebyggande folkehelsearbeid. Jamfør retningslinjer for samordna bustad, areal og transportplanlegging, seier Strandrud.

 

Kva for trur du at denne prisen har å bety for det bustadsosiale arbeidet?

  

– Prisen medverkar til at kommunane og andre aktørar på det bustadsosiale feltet får ein breiare tilnærming til bustadsituasjonen for vanskeligstilte grupper. Det bustadsosiale arbeidet har fått ein sterkare forankring på kommunalt og nasjonal nivå. Prisen er med på å spreia gode eksempel for eit heilskapleg bustadsosialt arbeid, og ein eineståande mogelegheit til å reflektere og vere stolt av eigen innsats for dei som bli nominert.

 

- Til slutt vil eg framheve den sosiale integrasjonen sin plass i busetting av vanskeligstilte. I dei siste åra har sosial integrasjon fått ein større plass i busettingsarbeidet. Utifrå eit folkehelseperspektiv er det ein sterk førebyggjande dimensjon i sosialintegrering. Den aukar tryggleiken, gir betre helse og betre livskvalitet, avsluttar ho.

 

Tidligere artiklar: Ny juryleiar med tung politisk ryggsekk

 

Meir om prisen