Ny juryleiar med tung politisk ryggsekk

Den nye juryleiaren for «Statens pris for boligsosialt arbeid», Valgerd Svarstad Haugland, har ei lang karriere som politikar og har sete i stillinga som Fylkesmann sidan 2011.

Valgerd Svarstad Haugland har solid kunnskap om og erfaring frå norsk politikk. Ho leia Kristelig Folkeparti (KrF) frå 1995 til 2004 og sat på Stortinget frå Akershus i perioden 1993-2005. Ho var sekretær i Stortingets sosialkomité 1993-1997, nestleiar i finanskomiteen 2000–2001, barne-, familie- og forbrukerminister (1997-2000) og kultur- og kirkeminister (2001-2005).

 

I 2011 blei ho utnemnt til ny Fylkesmann i Oslo og Akershus. Og i juni 2017 blei ho Fylkesmann for det nye fylkesmannsembetet for Buskerud, Østfold, Oslo og Akershus. 

 

Valgerd Svarstad Haugland, du har sagt ja til å vere juryleiar for statens pris for bustadsosialt arbeid, kvifor har du teke på deg denne oppgåva?

 

– Det blir utfordrande å ha nokre andre problemstillingar å jobbe med i tillegg til jobben som Fylkesmann.

 

Valgerd har jobba med Husbanken før - og ser på Husbankens samfunnsansvar som uhyre viktig: Å hjelpe menneskje som slit med å ha ein stabil bustad, bør vere ei prioritert oppgåve.

 

– Det må bryte ned folk å ikkje vite kor dei skal sove i natt, i morgon eller resten av veka. Det er lett å tenkje at ingen som lever under slik forhold, kan finne energi og mot til å møte kvardagen.

 

– Eg observerer med glede ei markant endring i tankar og haldningar som det offentlege Noreg har hatt kring bustadløyse som ei samfunnsutfordring. Tidlegare var det ein tendens til å skape sjølvstendige "boksar" rundt dei ulike offentlege tenestene som personar utan fast bustad hadde behov for. Til dømes helse, økonomi, arbeid osv. Kvar einskild teneste blei vurdert for seg. I dag ser vi at bustaden blir trekt fram som det første som må kome på plass, slik at personen har eit fast haldepunkt i kvardagen å byggje seg opp frå.  Eg likar godt denne haldningsendringa - og tykkjer det er riktig.

 

I 2013 blei du oppnemnt som leiar av programrådet for «Husbankens boligsosiale utviklingsprogram». Programmet blei avslutta i 2015. Kan du trekkje fram nokre refleksjonar frå din periode som leiar for programrådet?

 

– Mitt oppdrag som juryleiar for bustadsosial pris opplever eg som ei vidareføring av arbeidet mitt som leiar for programrådet i Husbankens bustadsosiale utviklingsprogram. Husbanken har hatt ei interessant utvikling sidan oppstart i 1946. Då eg vaks opp, budde vi i eit Husbank-hus, og forelda mine fekk byggjelån i Husbanken for å byggje familiebustaden. I dei siste tiåra har lån og tilskot i Husbanken fått ein spissa bustadsosial profil. Målgruppa er dei som ikkje greier å skaffe seg sin eigen bustad, og ikkje «kvarmannsen». Dette er ei viktig prioritering, meiner eg. Juryarbeidet skal støtte opp under vidareføringa av denne satsinga, for eit godt, målretta og heilskapleg bustadsosialt arbeid, som blei meir systematisk starta opp med det første bustadsosiale kommuneprogrammet. Det er ei viktig oppgåve som eg gler meg til å ta tak i.

 

Strategien «Bolig for velferd» kom i 2014. Korleis ser du på utviklinga av det bustadsosiale området, kva tykkjer du er det viktigaste som har skjedd etter at «Bolig for velferd» blei vedteke?

 

– Strategien «Bolig for velferd» bidreg til å fjerne tenesteytinga bort frå bokstenkinga, som eg nemnte tidlegare. Bustaden blir utgangspunktet - og tenester blir sett i samanheng med bustaden. Strategien gir rom for nye idear og prosjekt, som er inkluderande og plasserer menneskje og bustad i sentrum, og blir styrka gjennom ulike tenester, avhengig av behov og situasjon. Dette er ei retning innan byplanlegging som eg liker spesielt godt. Det er idear om blanda bustadområder, der det blir lagt til rette for mangfald med ulike generasjonar og aldersgrupper, fleire kulturar og ulike ståstader. Eldre kan støtte opp om barnepass, unge kan hjelpe til med små oppgåver, og studentar kan tene ein slant ved å utføre ulike oppdrag, osv. Eg trur at slike bumiljø er verdiskapande, skaper robuste samfunn med sterk sosial kapital, og det treng vi.

 

Korleis trur du det blir å arbeide med bustadsosiale utfordringar som Fylkesmann i den nye Viken-regionen?

 

Som Fylkesmann for det største fylke i landet, er eg vant med å jobbe med mange innbyggjarar. Det nye fylket har gitt fleire innbyggjarar, utvida det geografiske området og bidrege til å nyansere det totale bildet med nye landskap. Det opplever eg som eit enda meir interessant og spanande arbeid. Eit sterkare fagmiljø vil styrke kvaliteten på arbeidet vårt på mange område og føre til at ein oppnår målet betre. 

 

Er det noko område innanfor det bustasosiale arbeidet som du brenn spesielt for?

– Barnefamiliar og einslege forsørgjarar er grupper som eg tykkjer er spesielt sårbare i dagens samfunn. Ein trygg bustadsituasjon betyr mykje for å sikre stabile oppvekstvilkår for unge - som elles opplever økonomiske eller sosiale utfordringar. Det er ei god investering i framtida.

 

– Mitt hjarte føler òg for alle menneskje som slit med rusproblem. Dei treng trygge rammer for å kome på rett kjøl. Tilfeldige overnattingar utgjer ei stor utfordring. Ein bustad kan bety mykje for å kunne ta imot hjelp. Det gir verdigheit i eit tøft og hardt liv.

 

Kva trur du at denne prisen betyr for det bustadsosiale arbeidet?

 

- Eg meiner prisen har to funksjonar: for det første bidreg den til å synleggjere god praksis, eksempel og metodar som fungerer godt og stimulerer til å gjere den beste jobben. Folk får noko å strekkje seg etter. For det andre gjev prisen anerkjenning og påskjønning for godt utført arbeid.


– Eg trur at prisen er eit verdifull incentiv, og den har god effekt på det bustadsosiale arbeidet som blir gjort i alle kommunane.