Godt samarbeid gir unge rimelegare bustader

Stavanger Boligbyggelag, Randaberg kommune og Husbanken viser bustadsosialt ansvar og hjelper unge inn på bustadmarknaden. Eit eksempel på dette er leige - eige-modellen på Goa i Randaberg. Før første spadetak har allereie 50 personar meldt sin interesse.

Gode relasjoner, vilje og handlekraft, samt rimeleg finanisering

Bustadtilbodet på Goa er for unge bustadkjøparar som allereie bur i Randaberg kommune, har fast inntekt, orden i økonomien og er i målgruppa for startlån. Randaberg kommune har skaffa rimeleg tomt, Stavanger Boligbyggelag byggjer bustadene til kostpris, og Husbanken gir rimeleg finansiering. Husleiga blir derfor vesentlig lågere enn vanleg marknadspris. Dette gjev leigetakar høve til å leggje seg opp eigenkapital, og etter minimum tre og maksimum seks år kan framleigar i den kommunalt disponerte utleigebustaden få høve til å kjøpe bustaden. 


Det skal byggjast 32 bustader:

  • 16 stk. 2-roms (52 m2 BRA)
  • 16 stk. 3-roms tre-roms (65 m2 BRA)

Alle bustadane er organisert i eit burettslag, tilknytt Stavanger Boligbyggelag. Dei har gode kvalitetar og tilfredstillar Husbankens krav til universell utforming, energi og miljø. 

Illustrasjon - Stavanger Boligbyggelag.



Utleigebustadane leige-eige 

Dette er eit alternativ bustadtilbod for unge bustadkjøparar som bur i Randaberg kommune, har fast inntekt og orden i økonomien, men som manglar eigenkapital. I utgangspunktet startar ein opp med å prøve ut 10 leige-eige-bustader i burettslaget på Goa i Randaberg. Det er utarbeidd eigne tildelingsreglar for tomteområde.
Desse 10 bustadane i burettslaget blir eigd av eit utleigeselskap (as), som kommunen og bustadbyggjelaget eig saman. - Når leigetakar/ane eventuelt kjøper ut leilegheita skal dei kunne få fråtrekk for delar av summen, med på tanke på det beløpet dei har betalt inn, seier Paul Boxill, administrerande direktør i Stavanger boligbyggelag i ein kortfilm med tittelen Nok snakk (youtube.com). - No er det tid for handling og nok snakk, seier han.

 

Bustader for sal i burettslaget

Resten av dei 22 bustadane i burettslaget skal seljast til unge bustadetablerarar og vanskelegstilte som kan søkje toppfinansiering med startlån.

- Vi håper dette prosjektet gir inspirasjon til andre kommunar, seier regiondirektør Mabel Johansen, Husbanken Region vest.

 

Kontaktpersonar i Husbanken

Omtale av Goagarden BRL 
Inngangen til bustadmarknaden 
Utbyggingskart Vestre Goa byggjefelt