Inspirasjonsdag om brukarmedverknad og aktivitetstilbod

Start: 29. november 2018 09:30
Slutt: 29. november 2018 15:00
Sted: Tou Scene, Kvitsøygata 25 i Stavanger
Pris: Seminaret er gratis. Deltakarane dekkjer utgifter til reise og evt. opphald sjølv.

Velkomen til inspirassjonsdag om brukarmedverknad og aktivitetstilbod med Rokus Loopik frå Living Museum i Amsterdam. Det er Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Hordaland, Helse Stavanger og Husbanken inviterer.

Trykk her for meir info og påmelding. 

The Living Museum i Nederland er eit eksempel på eit brukarstyrt kunsttilbod til personar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar. Tilbodet er og ope for andre, fordi integrering og normalisering er ein viktig del av konseptet.

I Noreg er det og svært mange vanskelegstilte som er einsame og manglar aktivitetstilbod. Initiativtakar til The Living Museum i Amsterdam og Housing First, Rokus Loopik, kjem til Stavanger for å dele erfaringane sine med oppstart og drift av museet og verdien eit slikt tilbod har for betringsprosessen til den einskilde.