Metodehandbok Housing First

Metodehandboka har som formål å vise korleis ein kan drive Housing First prosjekt i Noreg, med bakgrunn i to Housing First prosjekt i Bergen kommune/Helse Bergen HF og Sandnes kommune/Helse Stavanger HF.  

Metodehandboka er meint å vera til praktisk nytte og inspirasjon for personar som driv eller vurderer å starte opp Housing First i eigen kommune, men også for andre som er interesserte i korleis Housing First-programma kan bidra til å få slutt på og førebyggje bustadløyse.

 Metodehandboka Housing First


 

Metodehandbok Housing First (PDF)

 

Del 1 beskriv i hovudsak prosjekta i Sandnes og Bergen og dekkjer alt frå oppstart til drift

Del 2 er ein gjennomgang av åtte grunnleggjande prinsipp i metoden Housing First slik den er utvikla av Dr. Tsemberis

Del 3 forsøkjer å sette opp eit eksempel på reknestykke for korleis Housing First kan løne seg som modell for busetting.

I del 4 svarar Dr. Tsemberis (grunnleggjar av Pathways to Housing) på ofte stilte spørsmål

Del 5 inneheld alle vedlegga mellom anna kartleggingsskjema som vert nytta i Bergen og Sandnes, eksempel på tryggleiksplan, sjekkliste for Fidelity scale mm.

Metodehandboka er blitt til gjennom eit breitt samarbeid mellom Bergen og Sandnes kommune, Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF, Helse Vest RHF, Husbanken og Sam Tsemberis.