Prosjekt - Bu trygt - bu godt i Klepp

Klepp kommune har gjennom utviklingsprosjektet ”Bu trygt – bu godt” utvikla ein metodisk oppfølging av personar med rus- og psykiske lidingar både gjennom individuell buoppfølging og i grupper, samt å fremskaffe bustader for målgruppa.

Husbanken, Helse- og sosialdirektoratet og Klepp kommune har støtta prosjektet.

Overordna mål
Føremålet med prosjekt Bu trygt - bu godt var å utvikle ein modell som gir auka kompetanse og samarbeid som sikrar god forvaltning i bustadsaker.

Prosjektmål
a) 20 % fleire med rus/psykisk liding skal eige eigen bustad
b) Fleire med rus/psykisk liding skal meistre å bu i eigen bustad

Prosjektleiar bu-rettleiarar
Svein Martin Klungland blei tilsett som prosjektleiar, vidare blei det tilsett to bu-rettleiarar i 100 % stillingar. -Erfaringar viser at ikkje alle med rus/psykiatriske lidingar klarer å bu og/eller takle regelverk og praktiske gjeremål, enten det dreier seg om å bu i ein sjølvstendig bustad eller det å bu i lag med andre, medan andre i same kategori klarer dette godt med litt rettleiing og hjelp, seier Klungland.

Burettleiar Inger Tjåland og Gerny Klungland saman med prosjektleiar Svein Martin Tungland på bustadsosialt nettverkssamling i Sandnes 13.09.2010.


Suksessfaktorer

Den viktigaste suksessfaktoren er forankring i Bustadsosial handlingsplan i kommunen og får politikarane på lag.

Det har vore særs viktig at prosjektet Bu trygt – by godt er ein del av den bustadsosiale handlingsplanen til Klepp kommune for perioden 2007 – 2010.


Sitat frå sluttrapporten

  • Tidlegare var det bustadsosiale arbeidet eit tradisjonelt fagområde som var knytt til sosialkontoret, men arbeidet rundt og i samband med bustadsosial handlingsplan i kommunen har endra dette.
  • Det bustadsosiale arbeidet går på tvers av sektorar og faggrenser og er blitt ein naturlig del av arbeidsområdet til dei involverte i det kommunale bustadarbeid.
  • Politikarane er i større grad involvert og engasjert i saksfeltet og bustadsosialt arbeid er blitt eit ansvar for ein større del av kommuneorganisasjonen.
Tidlegare var det bustadsosiale arbeidet eit tradisjonelt fagområde som var knytt til sosialkontoret, men arbeidet rundt og i samband med bustadsosial handlingsplan i kommunen har endra dette.


Viktige tiltak for å nå prosjektmålet

Kartlegge målgruppa
Kvantitativ brukarundersøking - oversiktsbilete når det gjeld storleik, kjønn, alder, bustad, tenestebehov m.m.

Utvikle kompetanse
Konkret i prosjektet blei det i 2008 arrangert ein studietur til Ålborg i Danmark for politikarar, administrasjon og fagpersonar og tilsette har delteke på  kurs, konferansar og nettverkssamlingar.

- Dette skal ha resultert i større interesse og fokus på prosjektet si målgruppe, samt meir kunnskap om ulike bustadløysingar og former for oppfølging i bustad.

Utvikle strategi for å framskaffe tomter/bustader - bygge, leige eller utbetre
På grunn av dårleg tilgang på små bustader utarbeidde kommunen ein strategiplan for å skaffe fleire bustadar.


Viktige tiltak for målgruppa

Buskule
På ”den Klepske måten” fungerer dette slik at det opprettes grupper på maks 6 personar. Her blir  felles utfordringar diskutert og meldt inn. Utifrå dette blir ”ekspertise” henta inn i undervisninga. Til dømes har mange i målgruppa hund og har fått gode råd og tips av lokale brukshundeklubbar til dressering av hundar, seier prosjektleiar Klungland.

Individuell oppfølging
Med føremål å styrke funksjonsevne og ansvar for eige liv.

Meistring av praktiske gjeremål
Til dømes reinhald, hushald, økonomi og lignende.

Vidare arbeid og utfordringar/løysingar i prosjektet

Sluttresultat frå prosjektet

Bu-oppfølging  
 Tal på personar som har motteke bu-oppfølging
- Individuell bu-oppfølging
- Gruppe (Sjølvhjelpsgrupper/Bu-skule)
- Rehabilitering i bustad 

71
49
16
6
 

 Eig eigen bustad  
Tal på personar som har refinansiert/kjøpt eigen bustad
- Rus/psykiatri
- Flyktningar
- Sosial-økonomisk vanskeligstilte 
22
14
5
3
Nye bustadar til føremålet  
- Nye kommunale utleigebustader (ferdig 2010)
- Bustader under planlegging (ferdig 2011)
8
5

Husbanken har gitt lån og tilskott til begge byggjeprosjekta 


Nytt kommunalt bygg på Orstad med fire små og fire større einingar for utleige. Ein av bueiningane har full livsløpsstandard og tre har innvendig livsløpsstandar. Alle bustadane har utvendig bod.