Prosjekt - Frå fengsel til bustad i Rogaland

For å få innført gode rutinar i arbeidet med å framskaffe bustader til personar etter ferdig soning i fengsel, blei det i 2009 starta opp eit bustadsamarbeidsprosjekt mellom Kriminalomsorgen region sørvest og 17 kommunar i Rogaland.

Det er utarbeidd ei samarbeidsavtale mellom fengsla og kommunane. Her står det blant anna at - kommunen har ansvar for å sjå til at den einskilte får mogelegheit til å bu sjølvstendig

Det er laga eit informasjonsopplegg opp mot samarbeidande kommunar der det blir lagt vekt på å informere sosialtenesta og NAV om samarbeidsavtala. Alle kontaktpersonane i kommunane har fått tilbod om besøk. Eit resultat av dette er at det er  inngått avtalar med fire nye kommunar.

Evaluering frå Fylkesmannen i Rogaland og fleire av kommunane viser at:

  • den innsette sin bu-situasjon etter ferdig soning er satt på dagsorden
  • det er etablert gode samarbeidsrutinar
  • det er etablert gode dialogar og kunnskapsutvikling
den innsette sin bu-situasjon etter ferdig soning er satt på dagsorden

Prosjektet blir avslutta i 2011. Prosjektet sitt fulle namn er “Organisering og tilrettelegging av boligsamarbeidet mellom kommuner i Rogaland og Kriminalomsorgen sørvest”.

Styringsgruppe:
Kriminalomsorgen region sørvest, Husbanken Region vest,  Åna fengsel, Rogaland friomsorgskontor Stavanger, Sandnes og Karmøy kommune.

Prosjektleiar: Jon Martin Aas