Voss kommune

Voss kommune har i overkant av 14 000 innbyggjarar. Med 1815 kvadratkilometer er Voss den største kommunen i Hordaland fylke. Kommunen har dokumenterte utfordringar knytta til både å skaffe og drifte bustader for vanskelegstilte.

Gjennom deltaking i Husbanken sitt bustadsosiale velferdsprogram er målet å sikre tilgang på tilstrekkeleg tomter/bueiningar som vanskelegstilte har økonomi til å bu i. Vi ønskjer og auka fokus på å yte rett hjelp i bustaden og meir rasjonell forvaltning av kommunale bueiningar.

Dei største næringane er offentleg tenesteproduksjon, handel, reiseliv og jord-/skogbruk.