Førde kommune

Førde kommune har ca. 12 700 innbyggjarar og eit areal på 590 kvm, og er fylkessenteret i Sogn og Fjordane. Høge bustadprisar gjer at mange ikkje har råd til å busetje seg i kommunen.

Kommunen har ei utfordring i å gjere seg meir attraktiv som bukommune. Gjennom deltaking i Bustadsosialt velferdsprogram er målet å bidra til at ein kan skaffe fleire og rimelegare bustader - både til eige og leige, planleggje bustadbygging i høve framtidige endringar i folkesamansetnad (fleire eldre), meir rasjonell forvaltning av kommunale husvære, ein meir styrt bustadpolitikk,  samt betre tilgangen til bustad for flyktningar og andre sosialt vanskelegstilte.

Førde sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i kommunen med vel 1400 arbeidsplassar. Førde er også eit viktig skulesenter med fleire vidaregåande skular og ca. 1000 studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kunnskapsgrunnlag