Flora kommune

Flora kommune ligg ved kysten av Sogn og Fjordane og har 11 600 innbyggarar. Flora er ein vekstkommune med stor aktivitet knytt til maritime næringar og oljenæring.

Det aukande talet arbeidsplassar gir stort press på bustadmarknaden.  Flora kommune ynskjer å betre samarbeidet og organiseringa av det bustadsosiale arbeidet i kommunen, med fokus på å finne gode løysingar for tenestebrukarane, kommunen og dei tilsette.

Tenestebehov for bustadsøkarar/bustadslause, tildelingsprosess og fleksibilitet i bustadmassen og bruk av økonomiske verkemiddel er tema som kommunen vil kartlegge. Satsing på bustadsosialt velferdsprogram vil inngå i Samfunnsdelen av Flora kommunes kommuneplan.  

Kunnskapsgrunnlag