Fjell kommune

Fjell er ein kommune i vekst, og har i dag om lag 23 000 innbyggjarar. Kommunen har fleire raskt veksande bustad- og industriområde, og eit innhaldsrikt regionsenter på Straume, som er i ferd med å utviklast til ein by.

Saman med den venta folkeveksten følgjer også utfordringar knytt til bustadsituasjonen i kommunen, og utfordringane er særskild merkbare for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Fjell kommune deltek i Bustadsosialt velferdsprogram frå 2013. Velferdsprogrammet gir kommunen ein unik moglegheit til å samordna det bustadsosiale arbeidet, som i dag er fordelt på fleire ulike einingar.

Programmet vil vera eit viktig verktøy for å betra oversikta over behovet til brukarane, sikra eigna bustader og utvikla ein meir heilskapleg bruk av bustadsosiale verkemiddel. Fjell ønskjer særskild å fokusera på busetting av bustadlause, busetting av brukarar med uklåre/samansette behov, og å auka gjennomstrauminga i kommunale utleigebustader.

Kunnskapsgrunnlag